Ei fjerning av eksportstøtta på t.d. Jarlsbergost grip djupt inn i  marknaden for 130 millionar liter mjølk. Dette tilsvarer den samla mjølkeproduksjonen i dei to Agderfylka, Vestfold, Buskerud, Telemark og Akeshus.
- Kvart ellevte mjølkebruk misser driftsgrunnlaget dersom regjeringa lukkast med å fjerne norsk eksportstøtte av ost. Dette skal skje innan utgangen av 2019, gjeng det fram av Globaliseringsmeldinga som vart lagt fram for allmogen fredag i sist veke.
Det er nøyaktig 100 mjølkebruk att i Aust-Agder. Me er samstundes det fylket i landet kor minst mjølk vert produsert i lausdrift. Lausdrift vert pålagt frå kalenderåret 2024, noko som tyder på at at mange stend framføre eit avgjerande val. Eit val om framtidig produksjon – eller ikkje. Eit dramatisk val på fleire måtar.
Politikarar frå alle parti i fylket har tidlegare støtta opp om tiltak som vil betre rammevilkåra for mjølk i Aust-Agder, men så langt har dei ikke på noko vis hatt gjennomslag hjå regjeringa. Det som ligg føre av av «forutsigbare rammebetingelser» gjev lite von for framtida. Det hastar med å få inn positive signal for dei som må bestemme framtida for fortsatt mjølkeproduksjon i Aust-Agder. Det som er kome til øveflata så langt er særs skuffande og på ingen måte framtidsretta. Eller for å bruke orda til den nasjonale skalden, poeten og klovnen Ari Behn: ”Trist som faen.”
Regjeringa sin iver etter å svekke tollvernet, sjølve berebjelken i den norske matproduksjonen, rir i desse dagar landbruket som ei endelaus mare.
Den blå-blå regjeringa tykkjest vere nådelause mot distriktslandbruket, nådelause mot småskalalandbruket på Agder – og eit djupt skor i gleda for ungdomen som i dag gjeng med tankar om ei framtid innanfor denne  viktige næringa.
Meldinga om fjerning av eksportstøtta for Jarlsbergosten slo ned som ein torpedo langt inne i mjølkefjoset denne sabbatten.
Ingen god dag. Ei tung helg.

 

Fylkesleiaren på den andre sida av kommunegrensa, Tor Erik Leland, uttalar seg slik: Det er svært alvorlig hvis regjeringa får gjennomslag for dette, og jeg håper virkelig at støttepartiene tenker mer på eget næringsliv enn det Høyre og Frp later til å gjøre. Subsidieringen av Jarlsbergost er den snilleste eksportstøtten i klassen – den dekkes av bønder gjennom omsetningsavgiften og går til et godt merkenavn som selges i Nord-Amerika og Australia. Støtten er dermed ikke med på å ødelegge lokale markeder i U-land, slik annen eksportstøtte er berykta for å gjøre. 
Osteeksporten skaper dessuten en viktig fleksibilitet i meierimarkedet. Under den såkalte «smørkrisen» ble vi minna på at melkeproduksjonen er en biologisk produksjon som svinger, og for å unngå situasjoner med underdekning og kjeft fra forbrukerne må man legge seg på en viss overproduksjon. Da er det en stor fordel å kunne selge ost ut av landet. Og til sjuende og sist handler dette om framtida til over tusen melkebruk i Norge.