Smakfulle bringebær frå Strai
På Strai, ikkje langt frå Kvadraturen og eit yrande folkeliv i Kristiansand sentrum, har Hildur Brøvig funne sin eigen oase. Dei fyrste bringebæra er alt hausta - og Hildur er som sørlendinger flest no om dagen - ho ventar på sol og varme .. (foto: øystein moi )
Hildur Brøvig har omlag 15 mål med bringebær. Ho kalkulerer med ein produksjon på omlag 1800 kg / mål - og då skjøner ein raskt at det er naudsynt med innleigd arbeidskraft når innhaustinga tek til for fullt.
Bringebæra frå Strai er etterspurd på den lokale marknaden og ein del av produksjonen vert såleis kvart år å finne hjå lokale kjøpmenn. Det aller meste av bæra vert likevel levert til Bama.