Skattekurs i Kristiansand
Det var eit strålande vinterver som møtte dei 75 skarpskodde rekneskapsfolka som denne morgonen sjekka inn på hotellet på Bystranda i Kristiansand. Eit par kuldegradar, sol frå ein skyfri himmelkvelv - og fri sikt omtrent til Danmark. På timeplanen framføre seg på bordplata kunne deltakarane sjå eit omfattande og spanande program, gjeldande for Skattekurset 2016.
I løpet av dei to dagane kurset varer, torsdag og fredag, skal deltakarane gjennom eit svært omfattande program. Ein kan m.a. nemne lov og forskriftsendringer, skattepolitikk og skattefaglege avklåringer, bilbeskatning, pensjons - og trygderettigheter for næringsdrivande - og sjølvsagt ein kraftig bolk med orientering kring statsbudsjettet 2016.