- Om fjorten dagar skal det vere i butikkhyllene over heile Noreg, dersom kjedene vil ta det inn, seier ein optimistisk meieristyrar Tor Kåre Helland til lokalavisa Setesdølen.
Han he von om at etterspurnaden vil syne seg å vere så god at anlegget på Byglandsfjord kan kome opp i ein årsproduksjon på omlag 25 tonn. Dette vil i så fall vere endå eit bein å stå på for det vesle nisjemeieriet nedst i Setesdalen.
Det nye Setesdalssmøret er produsert av syrna fløyte slik som det vidgjetne Kviteseidsmøret, men det er basert på økologisk fløyte.Det nye smøret inneheld og mindre salt enn kva som er tilfelle med Kviteseidsmøret.


Det vert nok fleire tunge tak for unge Gautestad, og dei andre tilsette ved meieriet, før 25 tonn med Setesdalssmør er forsvarleg pakka i nye 180-gramspakninger - og deretter send på ei reise rundt til kvar minste avkrok i heile Noreg. ( foto: øystein moi )