Laurdag 20. november skal Lauritzen tale til bønder og matprodusentar frå heile Agder. Åstaden er Strand Hotel Fevik - og det er ledermøte i regi av Agder Bondelag.

- I bondeyrket, slik det og er i idrettslivet, så er det alltid behov for å ha med seg hjelperyttarar. Ingen klarer seg heilt alleine,og det er eit gamalt og godt omkverve som seier at "Saman er me sterkare."
Bondelaget kan vere eit godt døme på eit fellesskap som i mange høve kan vere til god hjelp når ein t.d. skal byggje kvarandre sterkare.
Eit fagleg og kollegialt fellesskap. Hjelperyttere av mange ulike slag.

Seier Dag Otto Lauritzen som kan sjå attende på mange tøffe utfordringer, både i idrettskarriera - og i privatlivet elles. Kor mange hjelperyttarar han sjølve har slite ut er det truleg ingen som veit.

- Eg kjenner landbruksnæringa, eg kjennar utfordringane dykkar og eg ser klåre paralellar mellom dykkar eigen kvardag - og kvardagen til andre næringslivsleiarar på Agder. Store bedrifter, ein enorm pengeflyt, arbeidskrevjande - og ikkje minst eit stort personleg ansvar for den daglege leiaren.
Positive tankar, godt lagarbeid og trua på at alt er mogleg kan vere stikkord for foredraget mitt denne laurdagen.

Avsluttar Dag Otto, som gler seg voldsomt til å møte bøndene på Agder:

Eit møte me alle ser fram til. Film, bilete og eit kraftfullt vitnesbyrd frå eit spanande liv.

- Nå må du'kje røbe alt æ skal sei, men du kan kalle foredraget for ei kraftig vitamininnsprøyting,.

Dette er dei siste orda eg høyrer frå unge Lauritzen før han kastar seg ut i ein travel kvardag. Ein eller annan stad i verda.