Naturligvis 2015 slo alle tidlegare rekordar. Vergudane var på arrangørane si side. Meir enn 12000 personar innanfor portane. Utstillarane var nøgde, publikum var nøgde, arrangørane var nøgde - og då kan ein vel eigentleg ikkje forlange så mykje meir....
Takk til alle som på sin måte gav sitt bidrag til denne årvisse folkefesten. Utan hundrevis,ja truleg fleire tusen, dugnadstimar hadde ikkje dette let seg gjere.
Planleggjinga av neste års messe er alt i full gong - og sit du me tankar om kva som kan gjere Naturligvis 2016 endå betre, endå meir interessant for allmogen - ja då høyrer me gjerne frå deg.

Nysteikte lapper (sveler ) med tilhøyrande stuttreiste bringebær og rjome vart ei god avslutning på eit smakfullt måltid og ein triveleg kveld på Hodne. (foto: øystein moi )

 

Anne Lill Roland (nærast kamera) er leiar i Vest-Agder Bygdekvinnelag. Ei umåteleg gild jente og ein framifrå ambasadør for landbruket på Agder. Her tek ho til seg ein dugeleg, og velfortent, middagsporsjon etter fullført oppdrag tre dagar til ende på Naturligvis 2015. (foto: øystein moi )

 

Den vidgjetne senterpartimannen, og tidlegare bondelagsleiar, Lars Reidar Vasland (t.h.) vart eit grann ottefull då han såg at ivelendingen Tellef Eieland tømde halve flaska med dressing midt i salatfatet.  (foto: øystein moi )

 

Den alltid smilande, og venesæle, Erik Lien såg ut til å trivast storvegs  blant velfødde ivelendinger og taleføre honndølar. Han forsynte seg dugeleg av matfatet. Bilete lyg ikkje. (foto: øystein moi