Tidlegare i vinter fann ho sin naturleg plass blant meir enn 60 gjestar som vitja det årvisse leiarmøte i Agder Bondelag.

- Her møter eg sambygdinger og gode vener med felles interesser. Ein møtestad kor ein får både sosialt og fagleg påfyll - på mange måtar eit nødvendig frikvarter i ein elles så hektisk kvardag, seier Jenny.

No om dagen er ho lærling i anleggsbransjen, og med eit klinkande klart mål om at ho ein dag kan få med seg eit verdifullt fagbrev vidare på livsvegen.

Eit viktig dokument, og ikkje minst ei solid og variert arbeidsrøynsle som er både nyttig og verdifull å ha med seg i ryggsekken når ho ei gong, om ikkje så himla brått, skal take over eit veldreve mjølkebruk i heimbygda.

Stå på Jenny - me heier på deg.