I høve til planleggjing av pensjon, skattefritt sal av maskiner og avsluttande hogst i skogen, er det og viktig å starte planleggjinga i god tid.
Verksemda Økonomisk Rådgiving as vil no skipe til kurs kring desse emna, og mykje anna matnyttig, når det gjeld generasjonsskifte i landbruket.
Dette kurset tek føre seg både dei formelle sidene, og dei meir mellommennesklege emnene i prosessen. Dette gjeld både dei unge som skal take over garden - og ikkje minst den eldre generasjonen som på eit tidspunkt skal selje sjølvaste livsverket.

Interesserte kan kontakte Økonomisk Rådgiving v/ Linda Heskestad - tlf 37005190

Når det gjeld tid- og stad så finn du meir om dette på aktivitetskalenderen vår, her på nettstaden.
Foto: øystein moi