Av Sjur Håland / Bondevennen - eit referat frå Sørlandssamlinga jan. 2023 :

Landbruksdirektøren hjå Statsforvaltaren på Agder, Tore Haugum, omtalar Agder som ein underskotsregion når det gjeld matproduksjon.

  • Me har ikkje meir landbruksjord enn me treng. Agder har fem prosent av befolkninga i Norge og produserer tre prosent av landbruksvarene. Skal landet dyrka maten som trengs, må også Agder produsera, seier han.

Går oss ille   

Haugum er særleg uroa over strukturutviklinga på Indre Agder, noko han formidla til deltakarane på Sørlandssamlinga førre helg. Til Bondevennen seier Haugum at det fram til no har vore slik at areala til bøndene som har slutta av, har blitt drivne av andre bønder i nærleiken.

  • Så per i dag kan me seia at areala i bruk. Men det kan fort endra seg, for dersom reduksjonen i talet på bønder held fram, går det oss rett og slett ille, seier han.

Haugum eksemplifiserer med å seia at når den siste bonden i bygda sluttar, går 350 dekar gjerne ut av drift.

  • Den jorda kjem ikkje bonden i nabobygda til å bruke. Avstanden mellom bruka blir alt for stor, seier han.

Frå 16 til 22

Også på Agder er det mjølkeproduksjon som er lokomotivet. Talet på mjølkekyr på Agder har vore stabilt dei siste ti åra. Men talet på mjølkebruk går ned. Snittstorleiken på bruka er nå kring 22 kyr.

  • Me skal ikkje sjå langt tilbake før det var 16 kyr.

På Agder er det ikkje arealressursar til mange store produsentar. Det må vera økonomi også for dei små og mellomstore mjølkebruka hjå oss, understrekar han.

Landbruksdirektøren registrerar eit større fråfall av bønder på Indre Agder enn i dei ytre delane av fylket. Noko av den grovfôrbaserte produksjonen i dei indre delane har flytta seg ut til kysten.

  • Dermed har det blitt meir grovfôrproduksjon i kyststroka. Konsekvensen blir at me får for lite areal til å dyrka korn, poteter og grønsaker.

Treng ein snunad

Haugum seier han håper strukturtrenden flater ut og at det snart blir fleire bønder i staden for færre.

  • Kva må til for at det skal skje?

 

  • Det er så klart ikkje berre ein kvikk-fiks. Me treng fleire som blir interessert i landbruk. Men krevjande år med dårleg økonomi er ikkje er særleg interesseskapande for dei unge anten dei skal ta over eller ønskjer å kjøpa på den frie marknaden. Landbruket treng ein snunad på økonomien, ikkje minst når det gjeld dei små og mellomstore bruka.

 

  • Og kanskje også ei løysing på lausdriftskravet som kjem i 2034?

 

 

  • Ja, sjølvsagt. Båsfjøsdelen på Agder er høg. Her må det gode investeringsverkemidlar på plass.

Gimming: Areala må brukast

Leiaren i Norges Bondelag Bjørn Gimming, seier han deler uroa til Haugum over at produksjon blir flytt frå mindre- til meir sentrale strok.

 

  • Absolutt. Skal matproduksjonen oppretthaldast, må alle areala nyttast, areal i drift også utgjer ein viktig matberedskap for landet.

Gimming understrekar at om arealet først har gått ut av drift, er det enormt tungt å få det inn att.

Må analysera fylka

Tilpassa ramevilkår også internt i ein region er viktig, meiner Gimming.

  • Dette perspektivet bruker Norges Bondelag inn mot jordbruksforhandlingane. Det nyttar ikkje å sjå på eit fylke som éi eining. Det trengs også analysar på bordet om kva som skjer internt i fylka, som her på Agder.  

Bondelagsleiaren er også klar på at det komande lausdriftskravet er ein del av problemkomplekset.

  • Då byrjar det vel å hasta med å få noko gjort?

 

  • Ja, det hastar veldig. Alt frå neste år kjem auka krav til dei som skal driva i båsfjøsa sine fram til 2034.

Bygga utan storleikskrav

Å investera på mindre bruk med utgangspunkt i garden sitt ressursgrunnlag er ei større oppgåve enn det mjølkeprodusentane har vore gjennom til nå. Dei i hermeteikn «enkle» prosjekta er i stor grad gjennomført, meiner Gimming.

  • Framover vil det handla om moglegheitene til å investera i lausdrift utan krav om at bruka må bli større. Det betyr at økonomien må styrkast og at gode løysingar og investeringsverkemidlar gjer det mogleg å tilpassa seg lausdriftskravet for ein meir moderat bruksstorleik der det også må vera lønsemd etter investeringsfasen.

 

  • Blir det mogleg å få til?

 

  • Oppgåva er ekstremt krevjande. Alt før kostnadsauken slo inn, vart kostnadane anslege til kring 23 milliardar kroner. Men eg meiner det blir heilt avgjerande å få det til. Elles kan me mista mjølkeproduksjonen som berebjelke i distriktslandbruket i heile landet.

Ikkje berre store

Jannike Nystøl Simonsen frå Lindesnes er ein av mjølkeprodusentane Bondevennen møter på Sørlandssamlinga. Saman med mannen, Simon André Simonsen, har ho investert i ny driftsbygning for mjølk. Nystøl er samd med både Gimming og Haugum

  • Utan tvil. Det blir jo stadig færre og større bruk. Uansett kva produksjonar me har på bruka våre meiner eg det er viktig å læra, skjøna og innsjå at Norge treng både store og små bruk. Landet vårt er ikkje innretta berre for dei store bruka, seier ho.

 


Jannike N. Simonsen ( foto: øystein moi )

 

Vil du lesa saka i Bondevennen, kan du klikka på denne lenka:

https://www.bondevennen.no/wp-content/uploads/2023/01/Mjolka-fossar-mot-kysten.pdf