Setesdølane er gjestfrie folk, det veit me så inderleg vel. Tor Espen Helle hadde førebudd seg vel denne føremiddagen. Langbordet på kjøkkenet , med god plass til 15 personar, ber bod om at det er her godtfolk samlast til både kvardag og fest. På Oppigard har det vore slik så lenge det har vore busetjing her på garden.
Vafflar med geitost, nybaka sjokoladekake og kruttsterk kaffe vart samstundes ei god ramme kring dette uformelle "sauemøtet".

Frå næraste grannelaget kom vidgjetne sauebønder tilhøyrande den aller øvste divisjonen.
Stein Straume og Egil Åmlid .
Låtten ljomar i veggane, fatet med stuttreist sjokoladekake vert snart tomt, og brått bankar det på kjøkkendøra. Inn kjem ingen ringare enn fylkesleiaren i Aust-Agder Sau og Geit, Kåre Blålid. 
Han he fenge nyss om dette lokale fagmøtet og vil gjerne protokollførast i referatet som ein ihuga tilhøyrar- og aktiv deltakar.

Kåre er noko døgnvill etter at han nyleg er heimkomen etter ein tur til Skottland kor han var hjarteleg tilstades under verdsmeisterskapen i saueklypping. Det som visseleg hadde gjort mest inntrykk var ein ung mann der borte i vesterled som brukte 3 minutt og 12 sekund på å klyppe fem sauer. 
Kåre  trudde knapt kva han såg.Eit mirakel.
Me eit livleg kroppsspråk - og eit farrgerikt vokabular fekk møtelyden, kring kjøkkenbordet, ei god innføring i korleis dette verkeleg gjekk føre seg.

Både sauebøndene, og fylkesleiaren, minnast godt augustdagen i 2016 då det var stor sauefest på Helle,
På grasvollen, framføre sauefjoset til Tor Espen, var det samla meir enn 1000 personar.
Midt i folkehavet stod dåverande landbruksminister Jon Georg Dale. Han var på mange måtar blant sine eigne , og han vart særs godt motteken av setesdølane.

 


Oppigard på Helle. Hovudsete til Tor Espen og Siv.
Åstaden for eit triveleg og minnerikt sauemøte, og åstaden for folkefesten i august 2016 ( foto: øysterin moi )

 

Ny giv i sauehaldet  (2015-2017 )
Dette var eit prosjekt  som kom i gong gjennom eit samarbeid mellom Norsk Landbruksrådgiving på Agder - og Aust-Agder Sau og Geit.
Ein hadde lenge sett potensialet i utmarksareala i Agder, og prosjektet ynskte på mange ulike vis å vere ein stillasbyggjar for unge bønder i startgropa.
Jakob Saaghus tok på seg rolla som prosjektleiar, og det skulle snart syne seg at dette var rett mann på rett stad.
"Saueprosjektet" i Setesdal vart snart ein suksess, utan atterhald, og i skrivande stund er det vel inga annan  bygd i Agder som kan syne til ein slik stor konsentrasjon av sau - som nettopp åstaden for dette møtet.
Sauefesten på Helle var såleis ei markering av dette  prosjektet. Kall det gjerne ei vigsling av tre nye sauefjos,

 


Stemningsbilete frå den store folkefesten i 2016 ( arkivfoto )
 

Dei bygde nytt, dei bygde stort - og dei bygde miljøvenleg

Tor Espen investerte 4,3 millionar i nytt sauefjos, og he i dag 250 dyr under tak i heile vinterhalvåret. Han og kona Siv øksla seg raskt etter giftarmålet, og med fire små etterkomarar i huset vert det sjølvsagt travle dagar.
Dette i tillegg til at far sjølve tek seg løna arbeid hjå ei byggjevareforretning i heimbygda, medan Siv arbeider full stilling på aldersheimen i nabokommunen.
Lønsemda i sauenæringa er diverre slik at den ikkje gjev levebrød for ein ung og aktiv familie.

Tor Espen (t.v.) forterl om eiga investering, og eigne planar  medan Egil er ihuga tilhøyrar ( foto: øystein moi )

Bygde på rett tid

- Me har satsa stort. Me har bygd nytt - og me har bygd klimavenleg. Heilt etter læreboka.
Me har fulgt alle offentlege råd og innspel - og me produserer kortreist mat på norske ressurser.No vil me endeleg ha betalt for jobben me gjer, kvitterer Stein Straume. Kraftfullt.
Han har lang fartstid frå både politiet - og frå dei væpna styrkene, før han altså sette seg opp nytt sauefjos heime på Straume.
På hi sida av åna - i høve til Tor Espen og Egil.
Her finn me eit av dei aller største sauefjosa i heile landet. Kost og losji for meir enn 400 vinterfora sauer.

- Eg bygde på rett tid. Rentekostnadane var låge - og prislappen vart til slutt på rundt rekna 5,5 millionar. I dag hadde rekninga kome på omlag det dobbelte, og rentekostnadane vågar eg knapt å tenkje på.


Stein Straume  - har bygd eit av dei største sauefjosa i heile landet. (foto: øystein moi )

Ung bonde på 47 år

Egil Åmlid er bonde på heiltid. Ein verkeleg humørspreiar og ein inspirator for både unge og gamle i denne næringa.
Tidlegare lang arbeidsrøynsle med å tøme septiktankar, for heilt vanlege folk, i meir urbane strok  - i Kristiansand.
I 2012 flytta han heim til Helle, kjøpte seg 20 sauar av næraste grannen - og så var eventyret brått i full gong.

Då han tidleg i prosessen fekk høyre om det store nybygget som var under oppføring på Straume tenkte han med seg sjølve: - Kan Stein klare detta - ja då kan så visst eg og.
Og slik vart det.
Nytt fjos til snaue 300 vinterfora sauer, og ein ny avleggar etter det suksessfulle saueprosjektet kunne loggførast.
-  Det var stas då eg i ein reportasje i Fevenennen, i ein alder av 47 år, vart omtala som ung bonde med friskt mot og tøff satsing, humrar Egil Åmlid.

Han vert tankefull, Egil, når me talar om lønsemda i sauehaldet. ( foto: øystein moi )

Hadde venta meir av Senterpartiet

Sjølv med eit dystert bakteppe så er det på mange måtar ein optimistisk gjeng som har teke bordsete kring langbordet på Oppigard denne tysdag føremiddagen.
Godt humør har gjennom generasjonar vore god indremedisin  når problema stundom tårner seg opp og når livsmotet  syner ei fallande kurve.
 

- Det er ei trøyst, etter eit kleint jordbruksopgjer for sauebøndene, at samfunnet, folk flest, tenkjer meir på beredskap, matvareberedskap medrekna. Dette må me utnytte, Her kan me levere, men eg kjenner på at me er for dårlege til å kommunisere dette ut til storsamfunnet. Seier Kåre. Fylkesleiaren.
Dei andre gutane nikkar samtykkjande og er samstundes samde om at dei alle hadde venta seg meir av Senterpartiet, det ganmle Bondepartiet, som no sit kring Kongens bord.

 

Avslutningskommentaren til Kåre Blålid talar sitt klåre språk.
- Sandra Borch skulle ha site her i lag med oss her i dag. Då hadde ho vonleg skjønt alvoret.

 


Engasjert. Fagleg sterk. Kraftig kroppsspråk. Som ein emissær midtvegs i påskehøgtida.Kåre Blålid nyttar eit kvart høve  til å misjonere om det gode livet som sauebonde. Om moglegheitane - om framtida.
( foto: øystein moi )

Trugne bondelagsfolk

- Me vart lova premiering, god lønsemd og betre dager, for å produsere norsk mat på norske ressursar. Framleis ventar me på premien.
Nå må noko skje før det er fleire sauebønder som byggjer om  fjoset og tek i mot bubilar og campingvognar for vinterlagring. Ei sikker og god inntekt. I skrivande stund ei langt betre inntening enn vinterfora sauer som er heime på vitjing etter ein lang beitesesongen i høgfjellet.

Bladfyken skjøner raskt at ein her har med solide og trugne bondelagsfolk å gjere.
- Me treng eit sterkt Bondelag, og det var eit solid krav organisasjonen kom med i samband med årets jordbruksforhandlingar. Resultatet vart diverre skuffande for vår del. No ligg me, i hop med dei som produserer kjøt på ammekyr, heilt på botnen av resultatlista.


Ein fantastisk triveleg gutegjeng ( foto: øystein moi )

 

Aktivt fagmiljø - både i Bondelaget og sauelaget

Me set oss i bilen og set kursen nordetter setesdalen.
På Nomeland møter me det unge paret Ragnhild og Richard.
Ho er tilsett ved fengselet på Evje - medan Richard tener dagløna si hjå ein trelasthandlar i grannelaget.
Nyleg har dei overteke slektsgarden hennar. 
Heile bygningsmassa, to hus, på garden er totalrenovert. No er det sauefjoset som stend for tur,
Frå driftsbygningen høyrast både hammer og sag - og mykje tyder på at innflyttingsdatoen ikkje er så himla langt unna.
Båe skryter dei av eit godt fagleg miljø i bygda - både i Bondelaget og i sauelaget. Det er på gang eit generasjonsskifte på fleire gardsbruk i røystekrinsen - og framtida ser eigentlegganske ljos ut.


Ragnhild og Richard Nomeland, Unge folk som satsar på ei framtid som sauebønder.
(foto: øystein moi )

 


Egil Åmlid har vore mentor for Ragnhild i oppstartsfasa. Læreriktn nyttig - og ikkje minst himla moro
humrar den unge sauebonden, og fengselsinspektøren på Nomeland. ( foto: øystein moi )


Dei fulgte godt med i timen, tilhøyrarane, då Richard tok dei med på synfaring i det nye sauefjoset. ( foto: øystein moi )