Lokallagsleiar Jakob Einar Olimstad fortel om ein gild kveld på alle vis. Gjestene samla seg på låven tilhøyrande gardbrukar Eiliv Angelstad.
Den kommunale landbruksrådgjevaren, Hans Magnus Sætra, var hjarteleg tilstades og orienterte om aktuelle saker med tilknyting til næringa.
Fylkesleiar Erik Fløystad nytta samstundes høvet til å orientere møtelyden om den nyleg underskrivne jordbruksavtala.

Ein må samstundes nytte høvet til å nemne at det er imponerande, utan atterhald, å samle 60 bønder til medlemsmøte i bondelaget på ein fin vårkveld - midt i våronna.

Mykje tyder på at det var ein fotograf tilstades på låven på Angelstad denne kvelden. Så snart ferske og skarpe fargebilete finn vegen til Agderkontoret, vil me kringkaste dei her på nettstaden. I denne artikkelen.