Foto: privat

Sjølv om vergudane var i ulage denne dagen var det likevel godt frammøte på Åpen Gård i Øvrebø. Meir enn 300 personar var innom gardstunet hjå Kjell og Else Bjerland. Ein stor takk til vertskapet for gjestfridom og framifrå tilretteleggjing for Åpen Gård.
På Vestbø kunne ein sjå eit variert utval av dyr på garden. Det var høve til å hoppe i høyet, det vart servert velsmakande og stuttreist mat - og det var elles tidtrøyte av ulike slag.
- Ein vellukka dag på alle vis, seier Reidun Svaland, ei av eldsjelene bak tilskipinga.


Foto: privat

 

Foto: privat

 

Foto: privat