Sigurd Haugsgjerd er bladstyrar i lokalavisa "Setesdølen."
Tysdag den 03. februar skreiv han denne artikkelen på leiarplass i avisa:
(Mrk:  artikkelen vert prenta her på nettstaden etter avtale med bladstyraren. )

 


Innovativ så det susar

I debatten om lokal etableringsvilje og den politiske iveren etter å skape fleire nye arbeidsplassar, må TINE sitt meierianlegg på Byglandsfjord framstå som noko av eit mønsterbruk. Det er ei verksemd så innovativ at det susar. Kreaktivitet og pågangsmot synest å vere nøkkelord i arbeidet som i desse dagar igjen viser resultat. No har dei utvikla endå ein smørtype som har fått nasjonal status i den forstand at den landsomdattande TINE-kjeda har tatt på seg å distribuere det nye Setesdalsmøret frå Nordkapp til Lindesnes om berre daglegvarekjedene vil ha det.

Me synest det er imponerande å registrere at det vesle meierianlegget på Byglandsfjord igjen har greidd å slå igjennom hos TINE-leiinga med eit produkt basert på økologisk råstoff endåtil. Det er i større grad enn det tradisjonelle Setesdalsmøret framtidsretta og tilpassa folk flest, mindre salta som det er. Difor er det å håpe at det vil slå an og bli så populært at produksjonen kan nå dei høgder som initiativtakarane har sett seg som mål.

I tider då ein opplever at så mykje er pressa av konkurranse og omstillingskrav som gjer at arbeidsplassar også lokalt kjenner seg truga, er det svært positivt at det som lenge var det minste konsummeieriet i landet, har utvikla seg til å bli ei næringsmessig tankesmie med evne til stadig å kome fram med nye produkt. Det er slikt som sikrar framtida for anlegget og arbeidsplassane der.

Like frå den dagen det vart signalisert at anlegget på Byg­landsfjord skulle leggjast ned, som ei pølse i slaktetida nærast, då TINE-konsernet gjennomførte si tøffe strukturrasjonalisering, har den lokale støtta vore avgjerande for at det ikkje gjekk slik. Ikkje minst Setesdal regionråd har vore ein aktiv støttespelar for å gje anlegget på Byglandsfjord den nødvendige handsrekninga, ikkje berre for å finansiere konkrete investeringar, men for å understreke den sterke lokale viljen til at verksemda skulle få leve vidare. I desse dagar får både regionrådet og oss andre ei ny påminning om at dette har vore verd innsatsen.