Den nye org.sjefen har utdanning i Landbruksøkonomi og Miljø og ressursfag frå Høyskolen i Nord-Trøndelag, og Økonomi og ressursforvaltning fra Norges Landbrukshøgskole. Ho har tidlegare jobba i Aust-Agder 4H, NAV Evje - og Setesdal Regionråd.

- Eg er klar for nye utfordringer og nye arbeidsoppgåver og ser såleis på Bondelaget som ein fin og spanande organisasjon. Sjølv har eg vore medlem i mange år - og gler meg storvegs til å møte dyktige og trivelege bønder frå heile Agder.

Ingunn lover samstundes at dei  nye kollegaene hennar på Agderkontoret framleis kan sove  godt om nettene og ikkje på noko vis ottast for det komande leiarskiftet.
- Det blir ingen revolusjon, lovar den nye sjefen som alt frå fyrste arbeidsdagen, den 01. april, set seg på pendlarbussen, frå heimstaden på Hornnes - til rutebilstasjonen i sørlandets hovudstad.
Me lovar sjølvsagt, på ære og samvet, å take den nye sjefen vel i mot.