- Regjeringa vil ikkje landbruket vel, seier Fløystad, og er sjokkert dersom dei same folka fær ryggdekning hjå samarbeidspartia i stortinget, KrF og Venstre, for ein slik politikk.
Erik Fløystad he sin eigen måte å oppsummere stoda på: " Statens tilbud er eit godt utgangspunkt for brudd - men et dårlig utgangspunkt for forhandlinger."
H
jå fylkesleiaren i vest er det heller ikkje mange ljospunkt å finne denne regntunge vårdagen i byrjinga i mai. Tor Erik Leland undrast storvegs på kor stor skilnad det er mellom regjeringa sine folk - og representantar for bondeorganisasjonane når det gjeld forståing av verkeligheita kring på norske gardsbruk. I norske fjos.

- Dette er er eit tilbod med svært få ljospunkt seier Leland samstundes som han tek nytt ladegrep. - Toppen av kaka er at Listhaug no krev attende 20 millionar kroner som bøndene tidlegare he fenge i grøftetilskot. Desse pengane skal no brukast til å rydde opp i bratte og tilgrodde vegfyllingar på Vestlandet. Eg trudde beint fram dette var vegstellet si oppgåve, avsluttar ein vonbroten fylkesleiar med hovudsete i Selandsdalen.
Ein ihuga og venesæl fylkesleiar som, utan atterhald, ser føre seg krevjande dagar på heimekontoret dei neste dagane. Her må reddast kva som reddast kan ......