Elitemjølk
Kvar dag måler ein kvaliteten på mjølka som bøndene leverer til meieriet, og den beste mjølka klassifiseres som «elitemjølk». Bønder som klarer å levere elitemjølk kvar einaste dag i 25 år vert heidra med «Mjølkespannet».

Av: øystein moi

Ein imponerande innsats. Fagarbeid og presisjon i kvart einaste ledd i dette viktige arbeidet.
For å få denne høgthengande heidersprisen må du altså levere elitemjølk kvar einaste dag, samanhengande i 25 år.
Eller sagt med andre ord - du må levere eit feilfritt produkt i 9125 dagar. Du må levere mjølk av ypperste kvalitet gjennom 18250 mjølkestell.
I dette krevjande yrket skal du helst ikkje ha ein dårleg dag på jobben...

Det var heilt på slutten av forrige årtusen at Birte og Oddgeir tok over drifta av det som er hennar heimstad. Det var her Birte vaks opp, og det vart her ho la grunnlaget for ei lang og trugen teneste innanfor landbruksnæringa - og som tillitsvald i ulike av landbrukets organisasjonar.
Birte Usland var i mange år fylkesleiar i Vest-Agder Bondelag, og etter kvart fekk ho sete kring langbordet i Landbrukets Hus i Oslo. 
Som styremedlem  i Norges Bondelag markerte ho seg som ein kunnskapsrik og dugande representant for næringa - innanfor fleire ulike fagfelt.

Oddgeir kjem frå Moi, i Rogaland,og truleg var det ungdomeleg kjærleik som gjorde at han fann  fram på den kronglute bygdevegen til det som no er eit særs veldreve mjølkebruk i indre Agder.

Saman forvalter dei ei mjølkekvote på omlag 260 000 liter mjølk. Elitemjølk,
Nytt fjos stod ferdig i 2012 - og framtida ser ljos ut for den trivelege familien på Høye.
Økslinga har resultert i to flotte jenter som alt i ung alder har synt interesse for både fjosstell og gardsdrift.

- Ikkje komplisert, men du må gjere det rette kvar einaste dag, seier Birte om det å produsere elitemjølk over ein så lang periode.
- Marginane er små, og alle kan gjere feil. Sjølvsagt har me og gjort våre feil, men samstundes så har me hatt marginane på vår side. På rett side.
Birte understreker at dette er eit lagarbeid som skuldast full innsats frå heile familien - og ikkje minst av at dei til ei kvar tid har hatt tilgjenge på avløysarar av aller beste slag. 
Produksjon av elitemjølk er og avhengig av eit stuttreist avløysarkorps frå sjølvaste elitedivisjonen.

Birte er i dag tilsett i ei stilling på landbrukskontoret i Konsmo - medan kjærasten, i tillegg til gardsdrifta, driv som maskinentrepenør innanfor landbruksnæringa.
Engasjerte folk som stadig er å sjå kor godtfolk samlast. Enten det er på møte i Bondelaget - eller det er på kurs og seminar for å fylle på  med nye venskap - og ny kunnskap.
Det er slik dei bygger nettverket. Det er slik dei utvider horisonten - og det er slik dei kan halde fram med å produsere elitemjølk. Kvar einaste dag. År etter år.



Birte Usland har lang røynsle som tillitsvald i landbrukets ulike organisasjonar.
Her frå talarstolen i Norges Bondelag. ( foto: øystein moi )

 



Oddgeir Steinberg. Lokallagsleiar i Bondelaget, mjølkebonde i elitedivisjonen - og maskinentrepenør.
I byrjinga av november tek han med seg finstasen, lakkskoa - og kjærasten Birte på ein tur til hovudstaden.
På heimvegen fær dei ekstra bagasje å take vare på - eit mjølkespann. Ei helsing frå Tine


(foto: øystein moi )