Dale, frå regjeringskvartalet, opna sterkt - og i eit forrykande tempo. Den veltrente lekamen hadde godt handlag med sauen, og statsråden hausta mykje fagnad hjå tilskodarane. ( foto: Finn Aasheim )

 

Storbonden frå Tveit i Hornnes, Sven Reiersen, he tidlegare tevla både nasjonalt og internasjonalt når det gjeld saueklypping. Denne dagen hadde han, om mogleg, møtt sin overmann. ( foto: Finn Aasheim )

 

Heftig ordskifte i målområdet like etter målgang. T.h. lokallagsleiar i Lillesand Bondelag, Marit Gunn Tveit. I bakgrunnen ser ein den mektige leiaren i Aust - Agder Sau & Geit, Kåre Blålid. (foto: Finn Aasheim )

 

Desse to kjekke gutane he truleg betre greie på speed - dating enn kva dei he på speed - klypping. Båe er godt kjende hjå det norske folk gjennom deltaking i TV 2 sin fjernsynsserie " Jakten på kjærligheten." T.v. nestleiar i Aust-Agder Bondelag, Knut Erik Ulltveit - og til høgre den kjende sauebonden frå Helle, Tor Espen Helle. ( foto: Finn Aasheim )

 

Agderkontoret sin utsende fotograf, Finn Aasheim, hadde og med seg heim nokre levande bilete frå tevlinga: