Foto: privat

Åpen Gård vart skipa til samstundes med eit anna stort arrangement i bygda, Finslandsdagane. Songdalen Bondelag hadde rigga til ein flott og populær stand ute på stemneplassen. Stolte bønder, og gode ombudsmenn for næringa, serverte  kruttsterk bålkaffe og nytta høvet til å slå av ein god prat med sine sambygdinger.
På sundagen var det tradisjonell Åpen Gård hjå familien Undheim på Frigstad.
Her fekk gjestane høve til å prøve seg på ein omfattande, og lærerik, bonde-quiz.  Nærkontakt med velfødde stutar i vektklassa frå 50 - 750 kg sette djupe spor i hugen gjå mange av dei skodelystne. Dei aller yngste medrekna..

Ei framifrå utsilling av gamle traktorar, maskinar og reiskap var og eit omtykt innslag tilhøyrande det flotte arrangementet.

På tunet rusla ein velfødd og stolt hane med sitt eige harem på slep - og gjestane elles vart frakta med ein blankpolert veteranbuss frå Finslandshallen - til den populære stoppestaden på Frigstad.
Ein triveleg og vellukka dag for folk flest - og framifrå innsats frå det lokale Bondelaget.
Foto: privat

 

Foto: privat

 

Foto: privat

 

Foto: privat