- Ja, ja, ja  - det er alltid eitt eller anna eg kan irritere meg på når det gjeld landbrukspolitikken. Det er heller ikkje alt som er heilt perfekt når det gjeld det den norske samvirkemodellen - men me er på rett veg. Me ser ljoset.
Tida er i endring. Landbruket er i endring. Me må stå i hop.
Eg er likevel  så himlande glad for at eg i dag sjølve er ein del av landbrukssamvirket. Alternativet hadde då vore så uendeleg mykje verre.
- Trur du t.d. at Q- meieriet nokon gong ville ha kome ut her til den vesle garden min for å hente mjølk frå tanken, og kva pris trur du dei hadde betalt for ein slik skvett på den opne marknaden.
Han er meir enn vanleg talefør, Magne Thorvald Bakken. Han tek mykje plass både i kjeledressen - og i kaffekroken ute i fjoset.
Ein fagmann som he klåre meininger om det aller meste. Eit strålande humør, ein smittande latter - og allstøtt tid til ein skvett kaffe når vener, grannar eller yrkesbrør svingar innom gardstunet.
- Einskilde tykkjer på mange måtar det er eit grann karsleg å tale om kor travelt dei he det i kvardagen, kor mange timar dei arbeider - og at dei aldri he tid til korkje ferie eller fritid.
Slikt plar straffe seg etter kvart. Ein må då ha tid til å leve. Alternativet er så uendeleg mykje kleinare.

Eg prioriterer mykje tid i hop med borna mine. Det er viktig å fye dei opp både på skulen - og i fritida.
Denne morgonen har eg vore på jolefrukost på skulen rett borte i gata her. Det var 15. generasjon på Bakken Gård som inviterte til etegilde - og då skulle det vel berre mangle at eg tok meg fri frå fjosstellet eit bel.
Me må ikkje gløyme å leve det gode livet - take vare på dei små høgdepunkta i kvardagen, seier Magne Thorvald og skjenker meir kaffe frå kjelen.

- Eg minnast så vel  far min då han tok med seg ein kalv - eller to i skjekta og tøffa inn til byen. Han tok runden frå den eine slaktaren til den andre for å høyre om dei kunne take i mot dyra - og kva pris dei ville betale.
Ofte vart dyra selde for ein svært låg pris, då dette tross alt var betre enn å take kalvane med seg heimatt.
Dette var før me i det heile hadde høyrd om korkje Agder Samslakteri, Gilde - eller Nortura. Dette var i ei tid kor me slett ikkje visste kva landbrukssamvirke var for noko.
Ja, eg treng vel ikkje forklåre nærare kvifor eg i dag er ein ihuga tilhenger av både Tine, Felleskjøpet og Nortura.
 


Foto: øystein moi

Når det vert tale om den gjeldande landbrukspolitikken så er Magne Thorvald ottefull, eit grann skræmd, med tanke på framtida.
- Skal lure på om det i framtida vert råd å leve av små gardsbruk som detta på Agder. I dag kan det liksom ikkje verte korkje stort eller flott nok.
 For meg er eit stort jorde, ein stor teig, ein jordlapp på omlag fem dekar. Tilsaman he eg meir enn 50 slike ulike teigar spreidd øve heile kommunen.
I fjoset he eg 20 mjølkekyr, og inne i stova he eg ei  utruleg grei kjerring som  hjelper meg med gardsdrifta når det er behov for eit eit par ekstra hender.
Ho gav meg ei gong eit godt råd på livsvegen - eit råd som på mange måtar he vorte eit livsmotto for meg:
" Du skal heller gå rundt og vere stolt og glad for alt du får gjort - i staden for å gå rundt og gruble på, og irritere deg over, alt du ikkje får gjort."
- Ja eg kan nok stundom vere ein rotekopp, men du kan vere heilt trygg på at eg he eit eige oversikteleg og velfungerande system på rotet.
Magne Thorvald ler så heile lekamen rister. Det rister i spaltegolvet - og kalvane kikar vetskremde ut or kalvebingen. Dei legg hovudet på skakke - og dei tenkjer nok sitt ..
 


Både skular og barnehagar er stundom innom fjoset på Bakken. Her er det både hjarterom og husrom.
(foto: øystein moi )

- For poltikarane er både strandsona og bymarka for store heilagdomar å rekne. Dei vert beint fram fuktige i augekroken når dei talar om vern av lyng og kratt, tang og tare, fjellknauser og sanddyner ute i strandkanten.
Tenk om dei kunne hente fram dei same kjenslene når det stundom vert tale om å verne matjorda. Når det stundom vert tale om å redde nokre dekar med matjord i kampen mot nye parkeringsplassar, nye varehus - og nye kilometer med asfaltert riksveg.
Jordvern er ei sak eg brenn voldsomt for.
Politikarane er nokre merkelege figurar. Dei skjønar så inderleg vel kva eg talar om når me møtast mann - mot mann. Dei gløymer kva me tala om så snart me snur ryggen til kvarandre.
Dei skjøner beint fram ikkje alvoret. Dei lever i si eiga boble. Inne på rådhuset.

Magne Thorvald lever i håpet om at det er er liv laga for 15. generasjon bønder på Bakken Gård. Han liker ikkje utviklinga. Han likar så avgjort ikkje poltikken som krev stadig større traktorar, større fjos, større driftseininger - og som krev minst ein veldressert robot i kvar etasje. I kvart rom.

- Eg er min eigen robot. Den dagan eg ikkje likar å mjølke sjølve - ja då lyt eg finne på noko anna.
Magne Thorvald Bakken Trivast på jobben kvar einast dag. Ei positiv utgåve av menneskeslekta - og ein framifrå ambassadør for eit småskala landbruk på Agder . På Sørlandet.