Foto: øystein moi

Meir enn 300 bondevener, utsendinger, tillitsvalde, innbedne gjestar - Sylvi Listhaug og Olav Lidveit medrekna, var denne veka samla til årsmøte i Norges Bondelag. (Her ligger alle sakene fra møtet)
Bondetinget vart skipa til på Lillehammer, og mange var nok eit grann uroa i hugen med tanke  på korleis ordskiftet, og stemninga, ville utvikle seg etter ein tøff vår på den landbrukspolitiske skodeplassen.
Jordbruksforhandlingene vart som venta ei tøff utfordring for både bønder, tillitsvalde - og ikkje minst for leiarskapet i landbruksdepartementet. Dei aller fleste var likevel godt nøgde med at det til sist vart underteikna ein jordbruksavtale. Dette kom og tydeleg fram då utsendinger frå alle landets fylker tok del i ordskiftet frå talarstolen på hovudscena.
I ettertid har det og vorte mykje uro i organisasjonen, særskild hjå sauebøndene, når det gjeld omleggjing av det etter kvart så mykje omtala lammeslakttilskotet
Nestleiar i Vet-Agder Bondelag, Åge Gyland, sparte ikkje på korkje kruttet eller vokabularet då han med klår røyst frå talarstolen sa kva han meinte om denne prosessen. 
Både generalsekretær Per Skorge og leiar I Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes, tok til seg kritikken - og sa seg leie for at saka hadde fenge eit slikt utfall som ein no opplever. Mykje kunne vore gjort annleis.
Det er likevel stor takhøgde i Norges Bondelag - og få minutt etter høg temperatur i tingsalen og ei rikhaldig meiningsutveksling frå talarstolen kunne dei tre gutane, Lars Petter, Åge og Per, vandre jamsides mot matsalen og eit kraftig måltid med norsk, stuttreist mat. Framleis gode vener - og med ei felles tru på ei ljos framtid for norsk landbruk. 

 Lars Petter Bartnes (t.v.) og Per Skorge. ( foto: øystein moi )

 

Organisasjonssjef ved Agderkontoret, Finn Aasheim (t.v.), og nestleiar i Vest-Agder Bondelag Åge Gyland diskuterer landbrukspolitikk på eit svært høgt plan. Kva dette eigentleg handla om er framleis ein godt gøymd løyndom for ålmenta. ( foto: øystein moi )

Blant deltakarane på Bondetinget fann me og kjende personar som Sylvi Listhaug, Trygve Slagsvold Vedum, Knut Storberget, Ingunn Foss, Erik Fløystad og Knut Arild Hareide. Alle med velvalde ord og gode helsinger til Norges Bondelag. 
Det er liten tvil om at eit årsmøte i Bondelaget, med  62 000 medlemmer i ryggen, er ein viktig arena for sentrale politikarar frå alle politiske parti. Årsmøtet på Lillehammer denne veka var så visst ikkje noko unnatak.

Gode representantar for dei to fylkeslaga på Agder. Framme f.v. Knut Erik Ulltveit, Inger Liv R. Thoresen, Finn Aasheim og Olav Lidtveit. Bak f.v. Erik Fløystad, Åge Gyland, Tor Erik Leland og Alf Eivind Myren. ( foto: øystein moi )

 

Staute, gilde og kunnskapsrike austegder sentralt plassert i tingsalen. F.v. Olav Lidtveit, Knut Erik Ulltveit og Alf Eivind Myren. ( foto: øystein moi )

 

Til tider mykje å halde styr på for ein ihuga organisasjonssjef. ( foto: øystein moi )

 

Medan Olav Lidtveit og Erik Fløystad sat i matsalen og gaffla i seg heimelaga stomp, speilegg og geitost -  fann Knut Erik det meir høveleg med enkel og lett fordøyeleg morgonmat inne i tingsalen. ( foto: øystein moi )

 

Erik Fløystad saknar Agderposten når han er så langt heimanfrå. Han fann vonleg det meste av aktuelle nyhende i ei rykande fersk utgåve av Nationen. T.h. i bilete, ein noko undrande Knut Erik Ulltveit. ( foto: øystein moi )

 

Det vart attval på heile leiartrioen i Norges Bondelag. F.v. 1. nestleiar Kristin Ianssen, leiar Lars Petter Bartnes - og 2. nestleiar Brita Skallerud. ( foto: øystein moi )