Åstaden var bedehuset i kommunesenteret Birketveit. Mange høgtståande tenestemenn, frå m.a. bonderørsla og kommunal sektor, var tilstades då tidlegare ordførar Ole Magne Omdal kunne ynskje velkomen til eit langt - og gilt bordsete.


Ein strålande opplagt ordførar, Gro Anita Mykjåland, forsynte seg fyrst av alle av kakefatet. Dei dresskledde gutane måtte plent stille seg i kø. F.v. tidl. fylkesordførar i Aust-Agder Jon Fløistad - leiar i Iveland Bondelag John Øina, Arne Magnus Aasen frå Norges Bondelag - og lengst til høgre ser me fylkesleiaren i Aust-Agder Bondelg, Erik Fløystad - i ny silkedress. (foto: Setesdølen )


Jon Fløistad (t.v.) og John Øina.  (foto: Setesdølen )


Olav Lidtveit (t.v.) er nestleiar i Aust-Agder Bondelag, Marianne er gift med Olav - medan Finn Aasheim er styrar på Agderkontoret. ( foto: Setesdølen )

 

Ein gild kveld med helsingar, festtale, allsong, kulturell tidtrøyte - god mat og eit triveleg bordsete for omlag 50 innbedne gjestar frå båe agderfylka.