F.v. Katrine Hesnes Jarnes, Marit - Gunn Tveit. Anne Lill F. Roland, Finn Aasheim, Tønnes Oksefjell, Tor Erik Leland, Erik Fløystad, Olav Lidtveit, Åge Gyland, Knut Erik Ulltveit, Kristin Skranefjell Eikeland og Tom Sigurd Dokkedal. ( foto: øystein moi )

Turen starta i Evje sentrum kor møtelyden vitja den nye butikken " Smaken av Setesdal." Her fekk me ei solid orientering av Øyvind Nese som m.a. er dagleg leiar  for landbruksmessa Naturligvis - og ein kjend mann kring det meste som rører seg kring emnet matkultur i Setesdal.

I Setesdal Mineralpark på Hornnes fekk me ei fagleg og solid orientering om ei mangfaldig og spanande gruvehistorie i bygdene Hornnes, Evje og Iveland.
Ei historie om ei næring og ein aktivitet som på mange måtar er sjølve grunnlaget for den utviklinga ein ser i denne regionen i dag.
Hjå gardbrukaren Sven Reiersen, på Tveit i Hornnes, vart det rikeleg med tid til både fagleg ordskifte, gode samtalar og ei dugeleg matøkt. Det nye sauefjoset til Sven er ein høveleg åstad for eit slikt møte mellom røynde fagfolk og skarskodde tillitsvalde. Olav Lidtveit medrekna. Ein solid fagmann.
På veg mot endestasjonen, Rosfjord i Lyngdal, vart det og sett av god tid til eit triveleg gardsbesøk hjå den venesæle og taleføre  gardbrukaren Helge Verdal, på Kvåle i Eiken.

Neste dag, onsdagen den 25. august, var i sin heilskap øyremerka styremøte i fylkeslaga. Av sakskartet, ført i pennen av den vidgjetne kontorleiaren Finn Aasheim, kunne ein raskt sjå at dette vert ein travel haust for dei tillitsvalde i bonderørsla - både i Aust Agder og Vest Agder.
Men fyrst er det kommune - og fylkestingsval ...