I løpet av få dagar har Tor Arne Liland (t.v.) og Ståle Haukelid (t.h.) verva kring 50 nye medlemmer til Bondelaget. Nøyaktig tal er vanskeleg å stadfeste, for dette endrer seg frå time -til time. Desse to gutane tek nemleg aldri fri frå verveoppdraget. Korkje natt eller dag.

Dette medfører likevel at i skrivande stund så er Agder best i heile lande når det gjeld verving på fylkesnivå - medan Flekkefjord Bondelag toppar den nasjonale statistikken når det gjeld lokallag.

Denne helga fekk desse to "gullgutane" sin velfortente heider framføre ein fullsett møtesal på Dyreparken Hotell i Kristiansand.

 

Du finn fleire bilete frå leiarmøtet på vår Facebookside