Tor Erik Leland og Ingunn Foss ( foto: Øystein Moi )På slutten av fjoråret varsla landbruks – og matminister Sylvi Listhaug ei stortingsmelding om moglegheiter innanfor landbruksbasert næringsutvikling utanom tradisjonelt jord- og skogbruk. Regjeringa si politiske plattform, Sundvolden-erklæringa, er tydeleg på at det bør satsast på alternativ næringsutvikling for å  gjeve grunnlag for ein meir robust og framtidsretta landbruksproduksjon over heile landet. Viktige område vil vere knyta til stimulering til gründerskap, utvikling av vekstkraftige bedrifter og utvikling av innovative næringsmiljø i landbruket.

Fredag ettermiddag vart stortingsmelding nr 31 (2014 – 2015 ), “Garden som ressurs – marknaden som mål“ lagt fram for Stortinget.

Stortingsrepresentant for Vest-Agder, og landbrukspolitisk talskvinne for Høyre, Ingunn Foss, nytta dagen til å vitje ein slik gründer i sitt eige heimfylke.
Saman med leiaren i Vest-Agder Bondelag, Tor Erik Leland, vitja ho gardbrukar Åse Bente Sinnes – på Sinnes i Sirdal.
Sinnes driv kombinert sauehald og mjølkeproduksjon medan ho som attåtnæring driv eigen produksjon av den vidgjetne iskremen Blåne –is som no vert seld over disk i både Agder og Rogaland.
Råstoffet til denne produksjonen hentar ho frå eigen gard. Dette gjeld mjølk frå eige fjos – og ikkje minst bær av ulike slag som vert nytta som smakstilsetjing i iskremen.

Det vart sjølvsagt og sett av høveleg tid til meiningsutveksling om ulike sider av norsk landbrukspolitikk.
Snødekte fjelltoppar, strålande sumarver og beitande lam på grasvollen var eit framifrå bakteppe for framleggjing av Stortingsmelding nr 31.

Dei ynskjer båe å gjere eit lyft for norsk landbruk. Stortingsrepresentanten og fylkesleiaren. ( foto: øystein moi )
 

 

Ingunn Foss i fagleg diskusjon med den drivande flinke sirdalsjenta Åse Bente Sinnes ( foto: øystein moi )

 

Foto: øystein moi

 

Åse Bente omset is for 250 000 kroner i året. Ho bruker 3500 l av mjølk frå garden. Salet fordeler seg på 0,75 l boksar, iskaker, 5 liters boksar og kuleis. Produkta hennar vert seld i båe agderfylka - og i Rogaland.( foto: øystein moi )

 

 

Fylkesleiar i Vest-Agder Bondelag, Tor Erik Leland, kommenterer meldinga slik:

- Alt som kan være med på å styrke gårdens driftsgrunnlag tar vi imot med takk. Det er imidlertid krevende å leve av nisjeproduksjon alene, og derfor er det aller viktigst at det er god nok økonomi i den tradisjonelle landbruksproduksjonen. Men hvis nye næringsveier kan være med på å styrke gården som arbeidsplass er det bare positivt, og det er elementer i meldinga som bondelaget setter pris på. Blant annet foreslås det en mentorordning for lokalmatprodusenter, og at Mattilsynets praksis skal bli mer lik over hele landet.

 

 

No livnar det i lundar. No lauvast det i lid. I Sirdal. ( foto: øystein moi )