(Artikkelen er ført i pennen av Sjur Håland og er tidlegare publisert i Bondebladet den 17.12.15)
Foto: Tor Erik Leland

Den trufaste bonden er takksam og stolt over diplomet og æresmedlemskapet, men eit langt bondeliv og 50 års medlemskap i bondelaget har ikkje ført til at han kvilar på diplom og laurbær.  Kaspar har verken lagt frå seg formannsklubba, motorsaga eller høygaffelen. Høg alder treng ikkje gå ut over engasjementet. Det er Kaspar Stordrange eit godt prov på. Så lenge helsa held, og så lenge yngre krefter ikkje står i kø for å ta over leiarvervet i laget med 22 medlemmar, er han med. Det er nok å ta tak i for ei engasjert eldsjel.

Saknar beredskapstanken
-
Å vera tillitsvald er både interessant og inspirerande. Eg er særleg uroa over gjengroinga og alle dei mindre bruka som forsvinn ut av drift. Ingen tenker beredskap lenger, det blir heilt feil, seier bonden, som var gutunge under krigen då det vart dyrka kål og poteter i Slottsparken for å skaffa nok mat til nasjonen.

Han fortel også at planane om ny E39-trase vil kunna føra til at europavegen skjerer rett gjennom eigedomen hans og vil rasera mykje av dyrkajorda.

  • Før eller seinare vil me få bruk for kvar einaste kvadratmeter med jord. Me blir fleire som skal ha mat. Den store innvandringa som finn stad i desse dagane er ei påminning om å tenke matberedskap, seier han.

Foto: Tor Erik LelandPrioriterer fjøset
Kaspar Stordrange er senesterk og slank. Andletet er friskt med lite rynker. Det er lett å sjå at han er van med kroppsarbeid, men det er uråd å sjå at Kaspar Stordrange er fødd i 1935 og at han dermed har bikka dei 80.  Bonden er nett heimkomen frå leiarmøtet til dei to fylkeslaga på Agder. Kaspar hadde ikkje avløysar og kunne difor ikkje vera med på heile møtet.  

  • Dyra krev sitt, fjøsstell har førsteprioriteten. Steller du fint med dyra, steller dei fint med deg, erfarer den dyrekjære bonden. - Å stå opp tidleg? Det blir ein vane. Eg går i floren klokka fem om morgonen og fem om kvelden. Eg treng ikkje vekkjarklokke, smiler Kaspar Stordrange, og skjenkar i kaffi i fine porselenskoppar med ei stø arbeidshand.

Første kvinna i styret

Fredagen før var han i Kvinesdal på medlemsmøte i Felleskjøpet Rogaland Agder. Neste veke er det styremøte i Nes Bondelag med konstituering av nytt styre etter årsmøtet som viktigaste sak. I tillegg til vanleg bondelagsarbeid plar Nes Bondelag arrangera bygdekafé i Bankkjellaren tre gonger i året. Med utlodding, sal av mat og god prat rundt borda.

  • Du må få med at me for første gong i laget si historie har fått med ei kvinne i styret. Me gler oss over at Snefrid Reppen har sagt ja til å vera med i arbeidet, understrekar Kaspar.

Mjølk og honning

Akkurat no har han fire kyr som mjølkar. På det meste har han 13. Mjølkekvoten er 55.000 liter. Oksekalvane blir selde til liv. Kvigekalvane fôrar han opp. Dei kvigene han ikkje har bruk for sjølv, blir selde til liv etter kalving. No står det 8 kviger i fjøset som skal inseminerast til våren. Sju bikubar gir honning og fire høner syter for ferske egg på frukostbordet. Dei seks sauene går ute og har trivelege dagar på haustbeitet.

  • Dei står like under fjellet der, seier Kaspar og peikar.

Han ropar på dyra med sin eigen spesialkomponerte lokkelyd. Dyra kikkar opp og svarar momentant på tilropet. Før dei konsentrerer seg om matfatet att.

  • Dei et eikenøter, forklarer Kaspar. – Eiketrea er freda, i det området der sauene går og finn snop i form av eikenøter kan me ikkje skoga, understrekar han.
    - Skogen, du går vel ikkje i skogen lenger?

  • Klart eg går i skogen. Det er ein del av næringsgrunnlaget her på garden, ein del av skogen som blir hogd nå, var eg med og planta under krigen, seier Kaspar.

    Han legg til at eldste sonen, Kurt Reimund, er med og hjelper til med ved- og tømmerhogst. Dei andre borna er også med når det trengs, som i siloslåtten. 

Bombefly over garden

Historia om Kaspar Stordrange er både lang og innhaldsrik, og hadde fortent ein lengre biografi. Vi får prøve med ein kortversjon og starta med å fortelja at Kaspar har klokkeklare minner frå okkupasjonsåra då tyske soldatar var ein del av kvardagen i Flekkefjord. Tyskarane var på gardssaga deira og tok sagflis til hestane. Ungguten stod med store augo og såg på då engelske bombefly droppa dei ekstra drivstofftankane på jordene nær garden etter at dei hadde slept bombelastar over molybdengruvene på Knaben og var på veg heim til flybasane i England. 

Arbeidssky har Kaspar Stordrange aldri vore. Etter konfirmasjonen i 1949 har han vore i arbeid. Faren var dårleg til beins og trong hjelp. Då dei skulle ta ut tømmer i skogen, måtte dei leiga hest hjå naboen.

Frå hest til Deutz

  • Eg arbeidde på saga hjå naboen. Løn for to dagar tilsvara det det kosta å leiga hesten ein dag til bruk i eigen skog, minnest Kaspar.

Kontrastane, som Kaspar Stordrange har opplevd, kan best omtalast som astronomiske. I fjor kjøpte Kaspar ny traktor, den gamle hadde gått meir enn 7.000 timar og var mogen for utskifting. Handelen enda med ein ny Deutz på 100 hestekrefter med masse elektronikk og med komfortabel fjøring i førarhytta. I 1949 investerte faren i ein enkel sykkel til Kaspar slik at han kunne sykla dei 8 kilometrane når han skulle på jobb i tønnefabrikken i Flekkefjord.

Nokre år seinare kjøpte Kaspar ein Tempo motorsykkel på 150 kubikk. Vinterstid køyrde han over det islagde Seluravatnet til og frå jobb.

I 1952 starta ei 12 år lang karriere i eit båtbyggeri før han byrja på Slippen der han var til pensjonsalderen vart nådd i 1996. Kaspar vart gift med Reidun i 1965. Dei har fått fire barn og ni barnebarn.

Siste mjølkeprodusenten

Garden og dyra har i tillegg til familien vore ein viktig del av livet til Kaspar Stordrange opp gjennom alle åra.

  • Før me starta opp att med mjølk hadde me slaktedyr. Sau har det alltid vore på garden, seier han.

Frå 1990 begynte Kaspar Stordrange karrieren som mjølkeprodusent. For å få mjølkekvoten opp og gå, måtte han levera eit lite volum på haustparten i 1989.

  • Den hausten blei det levert 300 liter til meieriet. Mjølkespanna vart dyppa i ein bekk for nedkjøling av mjølka før dei vart plassert ved vegen der tankbilen frå Tine stoppa og saug opp mjølka.

Mjølkeprodusenten på Stordrange har blitt den einaste med mjølkekyr på båsen i gamle Nes kommune.

  • Slik har det blitt, konstaterer Kaspar. – For å finna næraste kollega med mjølkekyr må eg til Gyland eller Sira, kring ein halvtimes køyretur unna.

Mjølk er medisin

Kasper har fått vera frisk. Skikkeleg forkjølt har han ikkje vore etter at det tok slutt med dei kalde motorsykkelturane med Tempoen. Spenevarm mjølk er førebyggjande medisin. Innhaldet i prøvekoppen blir ikkje tømd over gjødselristene. Kaspar smakar på, og drikk, mjølka.

  • Ein munnfull frå kvar ku. Det er godt for magen har eg høyrt. Eg trur det stemmer. I tillegg kjenner eg med ein gong om celletalet er for høgt, seier den trufaste bondereisaren Kaspar Stordrange.Foto: Tor Erik Leland