"Turkomiteen" hjå både Tine - og Bondelaget / Agderkontoret held i desse dagar på med å sy i hop eit opplegg som vonleg vil falle i smak hjå trugne bondevener, og deira næraste  pårørande, frå heile Sørlandet.
Så snart programmet er ferdig, så snart hotellroma er bestilt - og så snart transportøren he underteikna ein høveleg samarbeidsavtale  - så vil medlemmer i Bondelaget, og venekrinsen tilhøyrande Tine, få tilsendt både program og påmeldingsskjema.
Du bør alt no finne fram almanakka og krysse av desse dagane i slutten av november. Ein betre start på adventstida kan du vanskeleg tenkje deg ..

Her kan du lese meir om landbruksmessa på Lillestøm.


foto: øystein moi