Jonas vart motteken som ein god ven. Han helsa møtelyden med velkjende omkverve som like gjerne kunne vore henta ut or Bondelaget sitt eige prinsipprogram.

Ein røynd og folkekjær politikar. Ein strateg. Ein lagspelar som til ei kvar tid veit kva som rører seg på motstandaren sin banehalvleik.
Støre var ikkje komen til Foilkets Hus for å drive propaganda for eige parti. Mykje tyder på at landbrukspolitikken tilhøyrande den blåblå regjeringa i skrivande stund er den beste marknadføringa han sjølv kan ynskje seg med tanke på gjennomslag for eigen politikk.
Få, om nokon, gler seg meir til den komande valkampen enn nettopp Jonas Gahr Støre.

Dagen i førevegen hadde han vore tilstades blant verdas leiande økonomar og næringslivsfolk på toppmøtet i Davos.
- Tidlegare var klimapolitikk - og landbrukspolitikk uvesentlege tema som vart diskutert i dei myrke bakromma i det enorme kongressenteret.
No er dette blant dei aller viktigaste sakene som vert diskutert under toppmøtet i Davos. 
Verdas mektigaste menn, og kvinner, innanfor ma
nge fagområde he endeleg vakna opp or Tornerosesvevnen.

Jordvern er t.d. meir viktig enn nokon gong. Dramatiske klimaendringer - og ei kraftig auke i folketalet kvart einaste år, gjer at matproduksjon vert rekna for den aller viktigaste produksjonen på jordkloda i dag.
Ein bør merke seg at berre sidan 1990 er det lagt ned - og omdisponert 865 000 dekar produksjonsjord berre i Noreg. Me importerer stadig meir av maten vår - og sjølvforsyningsgraden i Noreg er dag lågare enn me eigentleg likar å tale om.
Slik kan me ikkje halde fram.
Diverre er det slik at den politikken som førast i landet vårt dag er ein politikk som fører til stadig meir sentralisering. Dette bør vere ei kraftig åtvaring til alle som er opptekne av norsk landbruk. Det gamle omkvervet " By og land - hand i hand, er kanskje meir aktuelt enn nokon gong.

Partileiaren, sosialdemokraten og folketalaren såg ut øve tingsalen. Han var blant vener. Gode vener. Sjølv ihuga senterpartifolk nikka samtykkjande. Einar Myki turka ei tåre frå kjaken, Birte Usland spreidde bodskapen ut på Facebook - og Geir Pollestad sat tagal på tredje benkjerada. 
Snart er det jordbruksforhandlinger. Snart er det kommune - og fylkestingsval. Jonas Gahr Støre treng korkje partiprogram eller manuskript. Dette er noke han kan. Det sit beint fram i ryggmargen. Innvortes.

Det vart ein spanande, og ikkje minst lærerik dag på Youngstorget. Mange ihuga og dugande forelesarar. Kristin Halvorsen og Hans Edvard Torp medrekna.

- Dette er ein av dei aller viktigaste samlingane for norsk landbruk gjennom heile året, sa bondelagsleiar Lars Petter Bartnes då han tidleg på morgonen, måndag, ynskja alle deltakarane velkomen til Kornkonferansen 2015.
- Aldri he interessa vore så stor som kva me opplever i dag, sa ein stolt og engasjert bondehøvding.

Her kan du sjå programmet for Kornkonferansen 2015.