Andreas Nøkland er øvste tillitsvalde i Lindesnes Bondelag. Enn så lenge.
Ei epoke går mot slutten. Brått vert kvardagen annleis  - for Andreas og for resten av familien. I løpet av neste månad er mjølkeproduksjonen i Molandsveien 34 historie.
Den unge bonden orkar ikkje meir. Økonomien, i høve til innsatsen, er elendig.
- Det manglar politisk vilje til å halde liv i denne næringa og då får eg heller finne andre måtar å tene til livets opphhold, seier Andreas. 
No venter fast jobb i anleggsbransjen. God dagløn, ordna arbeidstid - og meir tid til familien. Meir tid til dei som treng han aller mest. 

 

Kringkastinga var sjølvsagt interessert i å høyre kva Bondelaget meiner om den dramatiske 
utviklinga  på gardsbruket til Andreas Nøkland. ( foto: øystein moi )

 

I Vigmostad vart  fylkesleiaren, og bladfyken, teken vel i mot hjå gardbrukaren Kjell Arne Leland.
Ein allsidig og triveleg kar med gravemaskin i garasjen, 70 storfe i fjoset, hest på beite,
ei høveleg mjølkekvote,frittgåande grisar - og meir enn nok eikeved i gardsskogen.

 


Foto: øystein moi

 


Triveleg i skuggen under tuntreet hjå Kjell Arne Leland. Brått dukka han opp, grannen - 
og mjølkebonden Trond Hennestad. I løpet av eit par klokketimar var møtelyden
innom det aller meste når det gjeld aktuell landbrukspolitikk.( foto: øystein moi )

 

På Lindesnes Gård, på Rødberg, møtte me det unge paret Jannike Nystøl Simonsen 
og Simon Simonsen.
Ny driftsbygning i 2017. Mjølkekvote på 300 tonn - eigen gardsbutikk og optimistiske
med tanke på eit lang og godt liv som gardbrukarar og matprodusentar.
Båe to arbeider full tid på garden, og i fylgje Jannike så er det stort sett er eit
himla  godt og triveleg arbeidsmiljø på Lindesnes Gård...

Inne i den merkantile avdelinga i driftsbygningen, med god utsikt til dyra - og til
sjølve fjoset, vert det servert sterk traktekaffe og stuttreiste lefser.
Me kjem gjerne attende til Jannike og Simon. 
Godt humør - og ein smittande latter er god indremedisin. For folk flest.


 


Foto: øystein moi