God stemning og stuttreist mat er nøkkelord i referatet etter årsmøtet i Songdalen Bondelag, melder utsending Åge Gyland. ( foto: Åge Gyland )

Neste post på programmet for det aktive lokallaget er den årvisse kompefesten som vert skipa til i Herredshuset på Brandsvoll. Dette er ein fest som vert skipa til i samarbeid med det lokale skogeigarlaget.
Her vert det tidtrøyte av ulike slag, og i år er det mykje som tyder på at Birte Usland, medlem av sentralstyret i Norges Bondelag, vil kaste glans øve stunda.
Kompefesten vert skipa til torsdagen den 19. november kl 19:00 - og alle medlemmene skal no ha fenge høgtideleg invitasjon med hjelp av både postverket og televerket.
Undheim fortel i ein kommentar til Agderkontoret at dette plar vere ein populær fest som samlar mykje folk kvart einaste år. Mjølkprodusentar, sauebønder,  grunneigarar, gode grannar, nære skyldfolk - og godtfolk elles. Frå heile røystekrinsen.

- I år kan vi også friste med spennende og nyskapende underholdning. Programmet bør passe for alle aldersgrupper, skriv lokallagsleiaren i ein e-post til skrivestova på Agderkontoret.

Rune Undheim venter mykje folk på kompefesten som vert skipa til på det gamle heradshuset i Finsland. Rune er glad i mat. ( foto: øystein moi )