Grovfor i ei vanskeleg tid - invitasjon til møte

Av Øystein Moi, 05.07.2018 14:19

Foto: øystein moi

Årets grovforavling vert for dei aller fleste mykje mindre enn kva som er normalt. Det vert i desse dagar referert til eit avlingsnivå mindre enn 50% av eit normalår. Av ulike grunnar er det difor viktig å planleggje, eller starte tiltak for å spare grovfor. Dette gjeld no i sumar - og det gjeld og med tanke på den komande inneforingssesongen. Det er viktig å stå saman i ein svært krevjande situasjon. For næringa - og for kvar einskild.

Til alle bønder og grovforprodusenter på Agder:

 

Invitasjon til møte

Stad:     Evjemoen Kino - Evjemoen

Dato:    Tysdag 10. juli

Tid:      Kl 11:00

 

Følgjande organisasjonar deltek på møtet:

- Norsk Landbruksrådgiving: Status for grovforavling så langt i år - og dyrkingsråd i ein utfordrande sumar.

- Felleskjøpet Rogaland Agder - og Fiskå Mølle: Kraftfor i ei tid med lite grovfor - kva for alternativ finnast.

- Nortura: Livdyrsalget og slaktetidspunkt i ein vanskeleg situasjon.

- Tine: Mjølkeproduksjon med lite grovfor

- Fylkesmannen v/ landbruksdirektøren:   Informasjon om ulike erstatningsordninger.

 

Arrangør: Aust-Agder og Vest-Agder Bondelag.

 

                                                                          - Vel møtt -