Viktig at Tine leverer
- Det er svært gledeleg at Tine også i 2011 kan syne til eit godt overskot som sikrar etterbetaling til mjølkeprodusentane, seier fylkesleiar Per Hilleren. For landbruket i Sogn og Fjordane er det utruleg viktig!
Hilleren syner til kunngjeringa frå Tine om eit årsresultat etter skatt på 937 millionar kroner. Store deler av dette overskotet er tenkt nytta i etterbetaling til den einskilde mjølkeprodusenten. Leiinga i Tine går inn for at den einskilde mjølkeprodusenten får etterbetalt 42 øre pr. liter mjølk. Noko av dette er betalt ut gjennom året, og det resterande vert betalt ut i mai månad. - Det er avgjerande for landbruket fylket vårt at samvirkeverksemda Tine gjer jobben sin og leverer eit godt årsresultat som kjem mjølkeprodusenten til gode, seier ein nøgd fylkesleiar.