- Veldig kjekt
Under Matfestivalen i Bergen fekk Toppe Gartneri den gjeve prisen årets lokalmatprodusent 2021.
MATFESTIVALEN I BERGEN: Her mottek Nils Gunnar Toppe prisen for årets lokalmatprodusent 2021.
- Dette var både overraskande og kjekt, fortel ein glad Nils Gunnar Toppe.
Han er takksam for prisen, og deler æra med resten av laget han jobbar saman med.
- Me er fleire som jobbar på Toppe Gartneri. Det er meg, kona og sonen Jørn Erik. I tillegg har me 2,5 årsverk gjennom heile året, samt to til i sesong.
Gartneriet ligg i Åsane i Bergen. Historia går tilbake til 1955.
Historia om Toppe Garneri
GRØNSAKER: Nils Gunnar Toppe framfor eit utval av grønsakene dei sel.
- Bestefaren min reiste med hest og kjerre til Skansen i Bergen og selte mjølk, seier Toppe.
Han fortel at bestefaren også starta med blomstra for å spe på inntekta, og at også dette vart med til kundane i Bergen.
- Etter ei stund starta bestefar å stå på Torget i Bergen. Eg er fødd i 1962, og eg hugsar det veldig godt. Me dreiv med det fram til utpå 70-talet.
Han har gode barndomsminner frå turane han fekk vere med på som liten gut.
Blomstrar i Bergen
- Det vart bygd store veksthus i 1960. Der har det alltid vore blomstrar. Då Åsane Senter opna i 1976 fekk Toppe Gartneri ein blomsterbutikk der. Då den kom slutta me å stå på Torget, held Toppe fram.
I dag kan ein finne blomstrane frå Toppe Gartneri i fleire butikkar i Bergen.
- Eg overtok i 1986, då var det blomstrane me valde å satse på.
Ny generasjon står klar
MYKJE GODT: Det er mykje godt å finne hjå Toppe Gartneri.
- No er det sonen min Jørn Erik Toppe som skal overta slektsgarden. Han har vore veldig interessert i grønsaksdyrking, og det er grunna interessa hans at me starta med det også.
Toppe fortel at dei i fjor bygde om eine veksthuset frå blomstrar til salat. I tillegg bygde dei om eit veksthus frå blomstrar til tomater og agurk.
- Det er veldig spennande. For tida jobbar me også med å lage til jordbær i tunell.
Toppe fortel at han nærmar seg 60 år, og at det gler han stort at neste generasjon står klar til å overta.
- Me er heldige som har nokon som kjem etter og vil drive farsarven vidare inn i framtida.