- Vart veldig lei meg
Venstre snur i jordbruksforhandlingane.
LEIAR I SOGN OG FJORDANE BONDELAG: Anders Felde.
- Eg er skikkeleg skuffa, seier Anders Felde.
8.juni trakk Venstre seg frå forhandlingane med Ap, Sp, Sv og KrF om ei ny jordbruksavtale. Partia har i lengre tid forhandla etter det vart klart at Venstre og KrF ikkje kunne støtte Regjeringa sitt forslag til jordbruksavtale.
- Eg vart veldig lei meg då eg høyrte det. Vi ynskjer kronemessig lik inntektsutvikling som andre grupper, er det urimeleg?
Venstre med eige forslag
- Vi har alt vore i kontakt med folk frå Venstre både i vårt fylke og nabofylka. Eg kjem aldri til å gje meg på dei 790 millionane vi må ha for å få lik inntektsutvikling som andre. Det handlar ikkje berre om i år, men inntektsutviklinga i åra framover.
Stortinget skal behandle årets jordbruksavtale fredag 16.juni. Venstre varsla i går at dei vil fremje sitt eige forslag, og sende attende til partane i jordbruksoppgjeret, altså jordbruket og staten, for fordeling.
- No er planen å jobbe vidare inn mot Venstre og forsøke å påverke dei som bestemmer, fortel Felde.