Utanlandsk arbeidskraft og koronaviruset
Det kan verte store utfordringar framover for dei som nyttar utanlandsk arbeidskraft i produksjonen. Landbruks- og matdepartementet er kjent med saka og vil ta tak i problemet.
Bondelaget arbeider med utfordringane rundt utanlandsk arbeidskraft i næringa og koronaviruset. Bondelaget samarbeider med andre organisasjonar, og har kontakt med landbruks- og matdepartementet. Førebels veit vi ikkje når vi får svar på kva for tiltak som er mogeleg for å betre situasjonen.