Storstila dugnad for å kartlegge CWD
Jegerar i over halvparten av kommunane i fylket skal i haust ta ut prøve av hjerne og svelglymfeknutar på all vaksen hjort som vert skoten. det vil seie hjort som er eldre enn 2 år.
Det ligg føre ein storstila plan for prøvetaking CWD i jaktsesongen 2018:
Art |
Kategori |
Kommune/villreinområde |
Dyr som skal testes |
Elg, hjort, rådyr og villrein |
Fallvilt |
Alle kommuner/ villreinområder i Norge |
1 år eller eldre hunndyr og hanndyr |
Villrein |
Jakt |
Alle villreinområder i Norge |
1 år eller eldre hunndyr og hanndyr |
Elg og hjort |
Jakt |
Kommuner i områder der skrantesjuke er påvist, se punkt 3 a-d. |
2 år eller eldre hunndyr og hanndyr |
Elg og hjort |
Jakt |
Utvalgte kommuner, se vedlegg 1. |
2 år eller eldre hunndyr og hanndyr |
13 kommunar i Sogn og Fjordane er plukka ut til å ta prøvar i samband med jakt. Jegeren skal sjølv ta prøvane og sende dei inn. Prøvane må sendast tidlege vekedagar for å nå fram. Om du skyt i helga må prøvane stå kaldt til dei kan sendast (Blir spanande innhald i mange kjøleskåp til hausten). Prøvane skal ikkje frysast. Jegerar i desse 13 kommunane i vårt fylke skal gjere jobben: Flora, Balestrand, Leikanger, Sogndal, Luster, Førde, Naustdal, Jølster, Gaular, Eid, Bremanger, Selje og Vågsøy. I tilleg skal det takast prøvar i Indre Sogn der cWD er påvist.
Kommunane som ikkje hadde hatt informasjonsmøte om prøvetakinga er bedne om å gjennomføre dette. Sogndal hadde hatt 100 frammøtte på ein slik informasjonskveld. Ligg informasjon og videoar på hjorteviltportalen om korleis prøvetaking skal skje. Kan elles ta prøvar på friviljug basis.
Meir informasjon om kartleggingsprogrammet finn du her:
NINA: Overvåkingsprogrammet for hjortevilt:
Viktig nettside for alle jegerar der prøver og skotne dyr skal registrerast: Sett og skutt
Prøvesvar finn ein i hjorteviltregisteret under fane helse