Satsar på ammekyr
I Norge blir det importert over 20 tusen tonn storfekjøtt, det vil næringa endre på.
- Eg må seie eg har god erfaring med ammekyr, det har gått over all forventning.
Gjerland var mjølkebonde i 25 år, men for åtte år sidan la han om drifta. Ifylgje bonden var det behov for å investere, og han meinte det ville bli vanskeleg å få nok areal med eit robotfjøs. Difor satsa han på kjøttfe, ein produksjon han tykkjer høver godt på garden i Haukedalen i Førde.
- Eg har bra med grovfor. Dessutan har eg rikeleg med beite, dyra går ute i 3-4 månader om sommaren. Då eg dreiv med mjølkeproduksjon var eg fastlåst kvar dag, for meg er dette eit lettare liv.
- Akkurat det me ynskjer å sjå
- Denne type gardsbruk håpar eg å sjå meir av framover. Her nyttar dei garden sine ressursar, både innmarksbeite og utmarksbeite. Når eg ser på beita her, er dei heilt strøkne. Eg håpar fleire i Sogn og Fjordane satsar på ammekyr i framtida.
Felde fortel at det er mangel på storfekjøtt, og at det blir importert over 20 tusen tonn. Vidare er mykje areal på veg ut av drift.
- Eg trur me kan snu utviklinga, me har gode moglegheiter for beitande dyr i fylket vårt.
- Går bra med storfeprosjektet
- Det er stor vilje og etterspurnad frå folk, som vurderer å byrje med ammekyr. Det er kjekt.
I Sogn og Fjordane har storfeprosjektet mellom anna sett seg mål, om å auke antal ammekyr i fylket.
- Målet er å få 300 fleire ammekyr årleg, dei neste tre åra.
No er det underskot på storfekjøtt, kor lang tid vil det ta å rette opp det?
- Det er vanskeleg å seie, men dersom det er gode rammevillkår, er eg sikker på at bøndene vil klare det.
Aldri angra
- Eg har eit godt liv og økonomien er grei.
Gjerland fortel at ein mjølkebonde truleg har høgare bruttoinntekt, men at han som driv med ammkyr har høgare timebetaling.
- Planen vidare er å auke produksjonen til 70-80 dyr.
Ynskjer du lese meir om Gjerland og sjå fleire bileter av dyra han har? Klikk her.