Regjeringsplattformen skuffar stort på landbruk
- Eg hadde ærleg talt forventa meir frå partiet Venstre i landbrukspolitikken enn avvikling og kostnadsauke, seier fylkesleiar Anders Felde. Ambisjonane for norsk landbruk er fråverande!
Inntektsmålet for norsk landbruk i regjeringsplattformen lyder:
Ha inntektsutvikling i jordbruket forutsatt lav kostnadsutvikling, produktivitetsforbedring og markedstilpasning. Målet er at inntekter for bonden i størst mulig grad hentes fra markedet.
- Dette er svakt på vegne av heile norsk landbruk, men for distrikta og dei små og mellomstore bruka er det svært alvorleg, seier Felde. - Alle som kan litt landbrukspolitikk veit at norsk jordbruksproduksjon vil vere svært avhengig av budsjettmidlar for å kunne utjamne for storleik og driftsulemper. - Marknad og liberalisering er ikkje løysinga for eit landbruk over heile landet !!
Når V, H og Frp i regjeringsærklæringa også vil avvikle pelsdyrnæringa, innføre CO2 avgift for alle sektorar som gradvis skal aukast, samt redusere verktykassen i å liberaliserer eigedomsregelverket endå meir, då vert det ikkje mykje å juble for.
- Akkurat i dag er eg skikkeleg arg, seier fylkesleiaren, men eg må berre la det å vere arg bli til positiv energi og pågangsmot. - Det er ikkje tvil om at med denne regjeringsplattformen vil det bli mange utfordringar å ta tak i for tillitsvalde i Norges Bondelag i denne Stortingsperioden, avsluttar Felde