Regjeringa må finne fram verktykassen
Faglaga i landbruket har i dag levert sitt krav framfor årets jordbruksoppgjer til staten. – Våre krav viser kva som skal til for å nå regjeringa si målsetting om å auke matproduksjonen på norske ressursar, seier fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag Per Hilleren.
Det viktigaste virkemidlet for å sikre norsk matproduksjon over heile landet, inkludert Sogn og Fjordane er inntekt. Skal vi kunne auke matproduksjonen i Noreg og i distriktslandbruket, treng vi eit taktskifte i landbrukspolitikken, held Hilleren fram.Den nyleg vedtekne landbruks- og matmeldinga slår fast at norsk matproduksjon skal auke i takt med folkeveksten i Noreg. I tillegg skal inntektsskilnadene mellom landbruket og øvrige grupper bli redusert. Dei viktigaste verkemidlane i kravet frå Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag for å bidra til at dette kan bli tilfelle er:
- Auka inntektsmoglegheiter for bonden på om lag 33.000 kroner per årsverk meir enn for andre grupper i samfunnet, for å kunne tette noko av inntektsgapet
- Prioritering av distriktsjordbruket, storfekjøtt- og kornproduksjon
Dei fleste bønder i Norge har ei gjennomsnittlig jordbruksinntekt på under 300.000 kroner per årsverk. Gjennomsnittlig inntektsnivå for andre grupper i samfunnet er 469.000 kroner.
- Vi ser ein faretruande utvikling også i vårt fylke seier Hilleren. Arealet som er i jordbruksproduksjon blir redusert og avlingane går ned. Næringa slit med rekruttering av ungdom. Et godt jordbruksoppgjør i år er avgjerande for å snu denne utviklinga.
- Når ni av ti nordmenn ynskjer eit landbruk av minst same omfang som i dag, er det eit kraftig signal til regjeringa. Bonden er klar til å produsere meir mat til den norske forbrukaren. Det er no regjeringa kan få sett fine ord om til praktisk handling.
- I heile vinter har vi høyrt politikarane snakke om at det er i jordbruksoppgjeret at dei konkrete løysingane skal kome. Dette som svar på våre spørsmål om manglande konkretisering i meldinga. No er tida komen for å finne fram verktykassa, avsluttar Hilleren
For ytterlegare kommentarar, kontakt:
Per Hilleren, fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag 476 07 532
Her kan du lese heile kravet ved årets jordbruksforhandlingar