Per møter Bjørn
- Eg ser fram til debatten med Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel i Fjærland, seier fylkeleiar Per Hilleren. Torsdag den 31. januar møtest dei to karane til debatt i Fjærland Bygdahus. På dagsorden står den framtidige landbrukspolitikken.
Både Bjørn Lødemel og fylkesleiaren i Sogn og Fjordane Bondelag Per Hilleren ynskjer eit levedyktig landbruk i Sogn og Fjordane, men dei er ikkje heilt samde om kva verkemiddel som skal til. Torsdag den 31. januar klokka 13:00 kan du høyre deira innleiingar og delta i debatten som vert skipa til i Fjærland Bygdahus.