Pensjonere meg - eg?
- Dette var faktisk eit svært så interessant tema, seier leiar i Balestrand Bondelag Renate Rendedal i ein kommentar til at dei tok opp sparing og pensjon som tema på årsmøtet i Balestrand Bondelag.
- Sjølv om eg håpar å ha meir enn 30 år att i arbeidslivet før eg når pensjonsalderen, så var det svært informativt og oppklarande å høyre på Oddvar Fimreite frå Sparebanken Sogn og Fjordane/Gjensidige, held Rendedal fram. Fimreite fortalde om pensjonsreforma og synleggjorde pensjonsordningar for sjølvstendig næringsdrivande. Verkeleg eit tema eg kan anbefale andre lokale bondelag om å setje på dagsorden ved høve, seier den engasjerte lokallagsleiaren som fekk fornya tillit som leiar i Balestrand Bondelag. - Sjølv om pensjonsalderen kan vere langt unna, er eg overtydd om at det vil vere viktig å starte planlegging og sparing allereie i ung alder om mogleg, avsluttar Rendedal.