Open Gard i Omvikdalen
Omvikdalen Bondelag arrangerer Open Gard hjå Sandvik Mjølk og Kjøt DA 13. oktober klokka 11-14.
Vi kan friste med:
- Høyhopping
- Besøk i ein moderne robotflor.
- Kyr, sauer, høner, hest og lama
- Lauvsprett 4H sel pølser
Same helg, 12. til 14. oktober arrangerast også NM i Gjeterhund i Omvikdalen, i gåavstand til Open Gard (ca 500m). Felles parkering vert ved Omvikdalen skule. I Dalheim (ungdomshuset, vegg i vegg med skulen) er det også sal av Rømmegraut i regi av Omvikdalen Bygdekvinnelag.
NB: Det er avgrensa med parkering i tunet, desse plassane er tiltenkt besøkande som har særskilde behov.
Velkommen til store og små!
Adresse: Sandvikvegen 67, 5464 Dimmelsvik.