Ny leiar i Fjaler og Hyllestad Bondelag
Ole-Ivar Åm Sognnes er vald til ny leiar i Fjaler og Hyllestad Bondelag.
27. oktober hadde Fjaler og Hyllestad Bondelag årsmøte.
Møte vart halde på Yndestad Gard og leiar Magne Nordal ynskte velkomen til dei 20 medlemmene som stilte.
Laget diskuterte mellom anna ynskje om eiga kystsone.
Vidare blei to dyrlegar takka for innsatsen dei har gjort i området over fleire år. Dei er no pensjonistar.
Deretter var det val. Ole-Ivar Åm Sognnes vart vald til ny leiar.