Nordfjord Vassområde inviterer til referansegruppe
Nordfjord vassområde har sendt ut invitasjon til ei rekkje lag, organisasjonar og verksemder om å ta del i ei lokal referansegruppe. -Vi reknar med eit stort engasjement frå lag og organisasjonar som ønskjer å i vareta sine interesser i bruken av vassressursane, seier prosjektleiar i Nordfjord Vassområde, Staffan Hjohlmann.
Invitasjonen til deltaking i referansegruppa i Nordfjord Vassområdeutval har gått ut til eit breidt spekter av lag, organisasjonar og verksemder, og det vert bede om tilbakemelding innan 04.01.13. -Om ein ikkje har motteke invitasjonen, kan ein likevel melde seg inn i referansegruppa, forsikrar prosjektleiaren for vassområdet, Staffan Hjohlman. Høve til å medverke står sentralt i arbeidet med vassforskrifta, og medlemar av referansegruppa kan delta i arbeidet mellom anna ved å:
- Få tilsendt informasjon om arbeidet
- Delta på møte og synfaringar
- Kome med innspel til arbeidet
Blant utfordringane i Nordfjord finn ein ureining frå landbruk, industri og kommunale avløp, regulering og fysiske inngrep i vassdrag og påverknad frå fiskeoppdrett. Ei samanstilling av utfordringane i Nordfjord er presentert i dokumentet "Innspel til vesentlege utfordringar for vassforvaltninga". Ein kan kome med innspel til innhaldet i rapporten fram til 31.12.12, opplyser Hjohlman. I 2013 vil arbeidsutvalet lage ein rapport om aktuelle tiltak, basert på prinsippet om at påverkaren/forureinaren skal betale. Dei som påverkar vassområdet i Nordfjord vil difor ha eigeninteresse av å følgje arbeidet, og aktivt ta del i prosessen.
Du kjem i kontakt ved Nordfjord Vassområde ved å kontakte prosjektleiar Staffan Hjohlman:
E-post: staffan.hjohlman@gloppen.kommune.no
Mob.tlf: 904 02 661