LUKE 14
No kan du opne luke 14 i julekalenderen vår.
- I dag skal me lage potetkaker, seier Marit Flatjord.
Me møter ho heime på kjøkkenet i Stardalen i Jølster. Flatjord tykkjer det er kjekt å bake, spesielt saman med andre.
- Me er tre venninner som brukar lage lefser, potetkaker og flatbrød saman. Det er veldig kjekt, praten går lett over bakekjevlen. Det er ein god anledning til å møtast, i kvardagen elles er det ofte veldig travelt.
Ute ligg det eit tynt lag snø, det skapar julestemning.
- Eg håpar det blir snø på julafta også. Det er jul for meg, i tillegg til å gå i fjøsen sjølvsagt. Det å gå i saufjøsen på julafta, fôre dyra med silo, høyre dei tygge silofôret og kjenne kor stilt det er, skapar ei heilt spesiel stemning.
Moderne
- Me er så moderne at me brukar potetmos, smiler Flatjord.
Også vatn og kveitemjøl er i bakebollen. I fylgje Jølstringen smakar heimelaga mat mykje betre, enn det ein får kjøpt på butikken.
- Det kan nesten ikkje samanliknast, ler ho.
Sjølvgjort er velgjort
- Potetkaker er godt, stundom gjer eg litt vekk også.
Flatjord kjevlar ut potetkakene, før ho legg dei bort på takka.
- Eg gler meg til å smake, for ein kan ikkje fryse ned alt. Ein smakebit er lov, seier ho smilande.