- Eg startar med julevasken i slutten av november/starten av desember, seier Marianne Kvalvik Kvamme. 

Bondelaget er med, når Kvamme skal vaske gamlestova på garden. Me har også selskap av ei høne og ei geit. Dei er mest med for selskapet si skuld. 

- Julevasken er heilt grusom, men det må til. 

Bonden frå Listene i Kinn kommune ler, før ho deler sitt beste vasketips.

- Det må jo vera å vaske litt heile tida, slik at det ikkje blir så mykje på ein gong. 

 

Gler seg til jul

TEK DET LITT ETTERKVART: Sjøl om Kvamme ikkje er glad i julevasken, gjer ho det med godt humør.

 

- Jul for meg er god mat og det sosiale, fortel Kvamme. 

Ho legg vaskekosten vekk, og pratar om gode tradisjonar.

- Me har mellom anna tradisjon på å feire jul hjå oss eit år, hjå systra mi eit år og hjå foreldra mine eit år.

 

Stolt bonde

MATPRODUSENT: Marianne Kvalvik Kvamme.

 

- Bøndene er veldig viktige med jul, tenk berre på all den gode maten me produserar. 

Kvamme er stolt over yrket sitt, og fortel at dei brukar å lage pinnekjøtet på garden. 

- Eg meinar det smakar mykje bedre når me lagar det sjølv. Me har gjort det slik i fleire år no.

I tillegg lagar Kvamme også julepølser. 

- Ja, me lagar mellom 20-40 kg. Me brukar gje litt vekk til familie og venner. Det er kjekt å kunne gje vekk noko ein har laga sjølv.