Oppskrifta er henta frå tine.no.

3 dl Kesam original
3 dl vatn
2 ss fiberhusk
70 g jyttemel
6 ss Tine Meierismør
50 g gjær
½ ts salt
500 g lyst glutenfritt mel
1 ½ dl sukker
1 g safran eller 0,5 ts gurkemeie
2 ts kardemomme

Pensling og pynt:

1 stk egg
1 dl rosiner
 

Ha kesam i ein bolle og tilsett varmt vatn. Rør saman og tilset fiberhusk og jyttemel. La kjøkenmaskinen gå i 5-8 minutt.

Smelt smøret. Tilset gjær, smør, salt, mel, sukker, safran (eller eventuelt gurkemeie) og kardemomme. Elt godt og set deigen til heving i 30 minutt.

Sett omnen på 225 °C. Trill ut deigen med olje på hendene. Del deigen i bitar og trill dem til lange fingertjukke pølser. Form til ulike lussekattar. Legg lussekattane på bakepapir eller smurt steikeplate, og hev under plast eit lunt sted i om lag 15 minutt.

Visp saman egget med ein gaffel. Pensle lussekattane med egg og pynt med rosiner. Steik midt i omnen 12-15 minutt. Avkjøl litt på rist. Dei smakar best lunkne.