Krev ekstraordinært uttak av jerv
- Vi har ein situasjon i grensefjella mellom Oppland og Sogn og Fjordane med eit altfor stort tal jerv sett i høve til at beitedyra skal ha prioritet, seier fylkesleiar Anders Felde. Særleg registrerer vi at talet på jervetisper er mykje høgare enn på lenge. Difor må det gjerast uttak i vinter.
Difor sende Sogn og Fjordane Bondelag sist veke eit brev til Miljødirektoratet med kopi til departementet der trongen for ekstraordinært uttak av jerv vert teken opp. Sogn og Fjordane Bondelag vil be direktoratet om å førebu og setje i verk ekstraordinært uttak av jerv i region 1 i regi av SNO. For å redusere trongen for hiuttak, er det viktig at arbeidet kjem i gong før lisensperioden går ut. Dette er også viktig for å kunne nytte periodar med gode sporingstilhøve og stabilt ver. Oversikta nedanfor er henta ut frå rovbasen og syner eit urovekkande stort tal jervetisper i fjellområda mellom region 1 og region 3.
Kjønn |
Individnr |
Registrert år |
Registrert kommune
|
Tispe |
3556 |
13
16 17 18 |
Vågå, Gjende i Lom, Utladalen og Årdalshalvøya i Luster og Årdal. Visdalen i Lom og Gokkerdalen, Lom Gokkerdalen, Lom Ingen registreringar. Sannsynlegvis felt i oktober 2018 Har yngla i Visdalen, Lom, i 2015, 2016, 2017, 2018 |
Tispe |
Ukjend |
17 18 |
Har yngla i Lundadalen, Skjåk, i 2017, 2018 Anten er dette ei minst fire år gammal tispe som aldri har vore registrert, eller det kan vera 3591 som var registrert i 2014 |
Tispe |
3591 |
14 |
Mørkridsdalen i Luster |
Hann |
3711 |
16 |
Stryn |
Tispe |
3714 |
17 |
Sør Fron og Nord Fron |
Tispe |
3744 |
17 |
Sprongdalen, Jostedalen og Høyrokampen, Lom |
Tispe |
3750 |
18 |
Skogadalen, Ofredalen |
Hann |
3754 |
18 |
Rauddalen i Skjåk |
Tispe |
3756 |
18 |
Sunndalen i Stryn, Strynefjellet, Rauddalen i Skjåk Truleg yngla i Raudalen i Skjåk |
Hann |
3760 |
18 |
Visdalen i Lom |
Tispe |
3771 |
18 |
Mårådalen i Skjåk |
Hann |
3557 |
13 |
Utladalen i Luster |
Hann |
3592 |
14 |
Mørkridsdalen i Luster |
|
Den viser 8 tisper. 1 er felt i haust i Lom. Sjølv om ein tek omsyn til usikkerheit om at alle dei andre 7 framleis er i live, så må ein rekne med at dei 6 som vart registrerte i 2017 og 2018 framleis er i området. I tillegg må ein ta omsyn til tilveksten i form av 3 ynglingar sist vår. Det tilseier normalt 3 tispekvelpar. Det vil sei at vi svært sannsynleg har 9 tisper her i grenseområda. 3 ynglerevir er opptekne i Lom og Skjåk. Difor er det sannsynleg at dei unge tispene må etablere sine revir inne i Sogn og Fjordane. Dette er ein svært alvorleg situasjon og må takast på største alvor i uttaket denne vinteren. Uttaket må gjerast så målretta som på nokon måte mogleg for å få teke ut så mange tisper som råd.
I rovviltforliket står det at dyr som kan utgjere eit skadepotensiale skal takast ut før beitesesongen. Rovviltnemnda i region 1 er svært tydeleg på dette, både i sine mål og i fastsetjing av kvote for lisensjakta. Vi forventar at dette vert følgd opp av Miljødirektoratet og Klima og Miljødepartementet. Dette er heilt naudsynt for å kunne sikre Indre Sogn sin status som beiteprioritert område