Klimaomstilling i landbruket
Gloppen kommune har starta arbeidet med ny klimaplan for kommunen. I samarbeid med Bondelaget inviterer kommunen til fagdag torsdag 17. september for å byggje kunnskap og motivere til klimaomstilling i landbruket.
HUGS Å MELDE DEG PÅ: Påmeldingsfristen til fagdagen er tysdag 15. september til servicetorget@gloppen.kommune.no eller ring 57 88 38 00
Klima, utsleppsreduserande tiltak og tilpassingar til eit endra klima kjem landbruksnæringa ikkje unna. Du som har den viktigaste jobben i verda - å produsere mat - kjenner klimaendringane på kroppen kvar dag. Difor er dette eit svært viktig tema for deg som bonde og matprodusent. Det er bra at Gloppen kommune er i førekanbt og inviterer næringa inn til diskusjonar og faglege oppdateringar.
Korleis skal vestlandslandbruket kome på bana i møte med klimaplanar på ulike nivå UTAN å miste fokuset frå det aller viktigaste å produsere mest mogleg mat med utgangspunkt i dei arealressursane og dei andre føresetnadene som vestlandsbonden rår over.
PROGRAM for fagdag torsdag 17. november 2020 på Gloppen Hotell
Kl 11 Servering av smørbrød/rundstykke
Kl 11.30 Program/seksjonar:
Klimaplan for Gloppen – landbruket si rolle
Birte Fossheim (Gloppen kommune)
Arne Frode Øvreseth (Samstyret for Bondelaga i Gloppen)
Anders Felde (Sogn og Fjordane Bondelag)
Landbruket sin klimaplan
Elisabeth Sæter (Norges Bondelag)
Klimakalulator, kva og korleis i kvardagen?
Jan Asle Torstad (TINE) og Helena Elvatun (Norsk Landbruksrådgiving)
Kva finst av verkemiddel/tiltak i dag og nær framtid som er til hjelp?
Randi Erdal og Bjørn-Harald Haugsvær (Fylkesmannen i Vestland)
Dialog/refleksjonar - kva kan eg gjere på min gard ut frå det eg har høyrd i dag?
Birte Fossheim og Trine Alme (Gloppen kommune)
Innspel til klimaplanen
Birte Fossheim og Trine Alme (Gloppen kommune)
Oppsummering – kva gjer vi framover
Arne Frode Øvreseth og Anders Felde
Kl 15 Takk for at du kom!