Jordbruket har starta forhandlingar med staten.
- Eg meiner me minimum må få kronemessig lik inntektsutvikling som andre grupper i tillegg til at ein må starte tettinga av inntektsgapet mot andre grupper, seier Anders Felde.
Landbruket la fram eit krav på 1,45 milliardar kroner, og staten kom med eit tilbod på 410 millionar. Det skuffa Felde. Spesielt skuffande var det for fylkesleiaren å sjå at Regjeringa ikkje vil fylgje Stortingsfleirtalet.
- Dei syner absolutt ikkje noko vilje til å fylgje opp Stortinget sin vedtekne landbrukspolitikk. Stortinget har eit mål om å redusere inntektsgapet mellom landbruket og andre grupper. Då er det provoserande at Regjeringa svarar med eit tilbod med lågare innteksvekst.
Vil ha løft på Vestlandet
- Kravet me leverte var eit målretta og naudsynt løft for Vestlandsbonden. I våre områder går store areal ut av drift. I tillegg ligg Vestlandsbonden bak resten av landet når det gjeld inntektsutvikling.
I tilbodet frå Staten ser ikkje Felde att noko av det kravet la til rette for.
- Me ser ikkje noko løft av Vestlandsbonden. For dei fleste som driv med sau og mjølk i Sogn og Fjordane, legg tilbodet til rette for eit null-oppgjer eller dessverre eit minus-oppgjer.
Utfordrande forhandlingar
- Me er ikkje einige i fordelinga og tiltaka som staten kom med i tilbodet sitt. Dei føreslår store endringar og omfordelingar.
I fylgje Felde kuttar Regjeringa alle midlar til beiting av kulturbeiter, og flyttar det over på utmark. For storfebøndene vil det føre til inntektsnedgang, då utmarka i delar av Sogn og Fjordane ikkje er god nok til beiting.
- Vi treng å produsere meir mjølk på sommarstid, og for dei fleste mjølkebønder er det då ikkje mogleg å nytte utmarka i vesentleg grad. Regjeringa vil også auke kraftfôrprisen. Dette er vil slå hardt ut for kraftfôrkrevjande produksjonar, i vårt fylke gjeld det gris og eggproduksjon.
Kva tenkjer du om forhandlingane?
- Dette vil fyrst og fremst handle om inntektsutvikling og å få på plass budsjettmidlar, fastslår Felde.
Årets jordbruksforhandlingar skal vere avslutta til måndag 15. mai.