Inviterer til regionmøte
- Denne våren vert av dei mest spanande og krevande landbrukspolitisk på lenge, seier fylkesleiar Per Hilleren. Saman med resten av fylkesstyret ser han fram til å møte styra i lokallaga i regionmøta denne månaden.
Fylkesstyret inviterer styra i lokallaga til regionsamlingar for å drøfte strategiar fram for årets jordbruksforhandlingar. Det vert invitert til 9 samlingar spreidd i store deler av fylket. Regionmøta er ein viktig arena for styret i å komme i dialog med heile styra i lokallaga. Møta vert skipa til på følgjande stadar:
Måndag den 13. januar: På Orheimstunet på Stårheim og i Stryn på Smak kafe
Onsdag den 15. januar: I Vårdal grendahus i Holmedal og i Brekke på Brekkestranda
Måndag den 20. januar: På Inspire i Eikefjorden, hos Kari Sigrun Lysne i Lærdal og på Lyngmo leirstad i Hafslo.
Onsdag den 20. januar: På Mo og Jølster vgs på Mo og på Gloppen Hotell
Alle møta tek til klokka 20:00 og to representantar for fylkeslaget vil delta på kvar stad. Leiarane i lokallaga har ansvar for å melde på deltakarar frå sitt styre til fylkeskontoret i god tid før møtet. - Det vil vere viktig å drøfte gjennom strategien og prioriteringane fram for årets forhandlingar på eit tidleg stadium seier Hilleren. - Eg håpar møta kan verte politiske verkstader der vi kan lufte ut og tenke høgt kring mange viktige spørsmål og saker for ein framtidig stor matproduksjon i Sogn og Fjordane, avsluttar fylkesleiaren.